Sterkare saman - Valprogram 2023
Her kan du lese politikken Vestland Arbeidarparti går til val på
Trygg styring i ei krevjande tid
Arbeidarpartiet sine kjerneverdiar er fridom, likskap og solidaritet. Fridom for nokre skal ikkje avgrense fridomen for andre. Alle skal ha moglegheita til å lukkast, uavhengig av kvar du bur, kor du kjem frå, kva du trur på eller storleiken på lommeboka di.
I 2022 gjekk verda inn i ei ny krisetid med krig i Europa. Etterdønningane etter koronakrisa og krigen i Europa har medført dyrtid og inflasjon, noko som òg påverkar oss. Framtida er meir usikker enn før.
I krisetid og omstilling er det avgjerande å skape tryggleik for arbeid og velferd. For oss er arbeid, velferd og klima dei viktigaste prioriteringane. Historia viser at like moglegheiter, små skilnadar mellom folk og høg tillit er avgjerande for å handtere kriser slik at vi kjem sterkare ut på andre sida. Difor er vi sosialdemokratar. Arbeiderpartiet står for trygg styring og framtidsretta løysingar. Vi håpar på di støtte til å styre Vestland også dei neste fire åra.

For å klare omstillinga, må vi ha ein inkluderande fellesskule for alle. Lærarane skal ha tillit til å utøve yrket sitt, og elevane skal møte ein skule med rom til å sjå kvar einskild. Alle skal ha moglegheitene til å lukkast, anten det er med meisterbrev eller mastergrad.
Vi skal fortsette satsinga på yrkesfaga og sikre at alle som er kvalifisert, får læreplass. Samarbeidet med næringslivet må styrkast, og vi skal skape fleire moglegheiter til yrkesfagleg høgare utdanning. Elevane skal vere klare i møte med arbeidslivet og studentlivet.
Vegane våre skal vere trygge og binde Vestland saman. Kollektivtilbodet skal utviklast slik at det er tilpassa livet i både by og land. Det skal vere trygt og effektivt å ferdast i Vestland på ein miljøvenleg måte.
Ved å sikre ein inkluderande fellesskule og bygge eit næringsliv basert på våre naturgitte føresetnader, skal vi skape for å dele. Med eit næringsliv i vekst, kan vi sikre velferda til fleire og klare klimaomstillinga. Vestland er eit spegelbilete av Norge. Om Vestland lukkast, lukkast Norge.

Norge og verda står overfor fleire store utfordringar og skilnaden mellom fattige og rike aukar. Klimakrisa er her og har store konsekvensar for oss her vest med meir nedbør, ras, tørke og eit varmare hav. Vi kjenner allereie på følgjene no, men det er dei framtidige generasjonane som vil kjenne det mest.
Vestland er eit Norge i miniatyr. Bergen er storbyen med folkerike nabokommunar rundt. Langs kysten har vi små og store lokalsamfunn som lever av havet, og ved fjordane våre har vi fleire byar og tettstadar. Vi har ein vakker natur med kyst, fjordar, fjell og vatn. Vestland har utfordringane og moglegheitene som heile Norge har.
For å skape like moglegheiter for alle og ein sterk offentleg velferdsstat, må vi sikre auka grøn verdiskaping basert på vårt naturgitte potensiale i Vestland. Løysinga er å skape for å dele, samtidig som vi kuttar klimagassutslepp.
Det er naturressursane våre som har skapt grunnlaget for det mangfaldige næringslivet i Vestland. Verksemder innan verftsindustri, olje og gass, prosessindustri, fornybar energi, reiseliv, landbruk, fiske og oppdrett er sentrale for verdiskapinga i Vestland.
Petroleumsnæringa har teke Norge inn i ein gullalder, både med rikdom og med kompetanse. I framtida må vi redusere olje- og gassproduksjonen vår. For å sikre overgangen skal vi skape den nye grøne industrien på skuldrene av den gamle. Norge må og skal vere ein sterk industrinasjon med verdsleiande kompetanse også i framtida.