idrett

Kultur, idrett og frivilligheit

Kapittel om kultur, idrett og frivilligheit

Kultur og språk

Vestland har eit breitt og mangfaldig kulturliv, frå dei store institusjonane til dei små nisjeaktørane. Arbeidarpartiet meiner at amatørkulturlivet og det profesjonelle kulturlivet er avhengig av kvarandre, og vi vil vidareutvikle dette.

By og land skal gå hand i hand, og alle skal ha eit godt kulturtilbod å gå til uavhengig av kor ein bur.Vestland er ein viktig region for språkmangfald, mellom anna med sterke nynorsktradisjonar og som heim til fleire dyktige forfattarar. Vi har eit nasjonalt ansvar for å styrke nynorsken sin posisjon i Norge.

Bergen er motoren til kulturlivet i Vestland og den einaste byen som kan konkurrere om å vere den andre kulturbyen i Norge etter Oslo. Bergen skal vere det andre kulturelle hovudpunktet i Norge, med blikket retta utover landegrensene våre.

Vestland Arbeidarparti vil:

● Støtte arbeidet med å samle det frivillige kulturfeltet under ein paraply, til dømes Amatørkulturrådet Vestland.

● Senke terskelen for deltaking for særleg barn, unge, eldre og minoritetar i kulturlivet, ved å innføre rabattordningar, støtte prosjektarbeid eller liknande.

● Vidareutvikle folkebiblioteka saman med kommunane for å gjere dei meir tilgjengelege for fleire og for å sikre eit variert og godt bibliotektilbod i heile fylket.

● Sjå på moglegheitene for at fylkeskommunen kan samarbeide med dei kommunale kulturskulane om å gje eit regionalt fordjupingstilbod til kulturskuleelevane, og sikre betre tilbod lokalt i kommunane.

● Fremje vestnorsk språk, litteratur og kultur ved å styrke nynorskscenene, litteraturhusa og det breie litteraturfeltet.

● At nynorsk skal vere administrasjonsspråket i fylkeskommunen, og at Vestland fylkeskommune aktivt skal fremje nynorsk i samfunnet.

● Satse vidare på den breie og varierte kulturelle infrastrukturen i Vestland, ved å samarbeide med kommunane og staten om opprettinga og utviklinga av kulturarenaer i heile fylket.

● Vidareutvikle musea ved å vurdere vidare samanslåingar, og særleg auke tilskotet til underfinansierte institusjonar.

● At Bergen skal vere Norge sin fremste kulturby og kulturell motor i Vestland, og støtte arbeidet med Bergen som Europeisk kulturhovudstad i 2036.

● Styrke festivalfylket Vestland, ved mellom anna å sikre deling av kompetanse og ressursar.

● Arbeide for betre vilkår for frilansarar, kunstnarar og det profesjonelle kulturlivet i Vestland.

Vestland Arbeidarparti vil arbeide mot staten for å:

● Sikre at Bergen blir det andre kulturelle tyngdepunktet i Norge.

● Sikre rettvise statlege tilskot til kulturinstitusjonar i Vestland.

Kulturmiljø og fartøyvern

Vestland har ei breidde av kulturminne som representerer fleire delar av den felles historia vår. Vestland Arbeidarparti vil styrke arbeidet med kulturminnevern og den immaterielle delen av kulturarven saman med musea og frivillig sektor. Vestland har Norge si største flåte med verna- og freda fartøy og har ei nasjonal oppgåve i formidling av flytande kulturminne og kystkultur.

Vestland Arbeidarparti vil:

● Styrke det frivillige regionale kulturminnevernet. 

● Oppretthalde satsinga på kystkulturen og styrke fartøyvernet ved mellom anna å betre den frivillige rekrutteringa.

Idrett og friluftsliv

Idretten er hjørnesteinen i livet for veldig mange, uavhengig av alder. For barn er spelegleda på fotballbana eller badmintonbana sjølve drivkrafta i livet, medan foreldre er frivillige og arrangerer cupar og bidreg med planlegginga av den nye idrettshallen. Frivilligheita skal dyrkast og styrkast, og fylkeskommunen skal spele på lag med dei frivillige i Vestland.

Når anlegga er der, kjem aktiviteten. Det same gjeld større arrangement, som skaper idrettsglede og samhald. Difor er utvikling av anlegg og støtte til idrettsarrangement svært viktig for å sikre meir og variert fysisk aktivitet i store og små lokalsamfunn.

Samtidig kan vi sjå at fleire er inaktive og er heime, og fleire ønsker å drive med eigenorganisert aktivitet. E-sport og gaming er ein stor del av liva til mange, og det er såleis viktig at vi sikrar gode organiserte rammer rundt dataspel, slik vi gjer no med ein egen e-sportstrategi. Fylkeskommunen må òg arbeide for andre typar arenaer for aktivitet ved offentlege bygg og anlegg.

Friluftslivet veks, særleg etter koronapandemien. Naturen er friluftslivet sin arena, og fylkeskommunen må støtte oppunder arbeidet friluftsorganisasjonane gjer for å gjere naturen meir tilgjengeleg for fleire.

Vestland Arbeidarparti vil:

● Styrke den lokale frivilligheita rundt idrett og fysisk aktivitet gjennom samarbeid med idrettskrinsen og ved bruk av tilskotsordningar.

● Nytte tilskotsordningar og andre verkemiddel for å gi fleire moglegheita til å delta i idretten og friluftslivet og til å vere aktiv i kvardagen.

● Halde på og bidra til å utvikle mangfaldet av idrettsgreiner i samarbeid med idretten.

● Auke tilskotet til idrettsarrangement i Vestland og vere med på å auke og dele kompetanse innanfor arrangement.

● Støtte friluftsorganisasjonane sitt arbeid med å rekruttere frivillige og organisasjonane sitt arbeid med tilrettelegging for deltaking i friluftslivet.

● Arbeide for fotballbaner frie for gummigranulat i samråd og samarbeid med baneeigarar og idretten.

● Vidareutvikle Idrettsklynge Vest.

● Oppretthalde satsinga på e-sport og gaming.

● Støtte arbeidet med gode og sunne fysiske fellesskap for folk i alle aldrar.

● Saman med idrettsrørsla vere med i arbeidet med å gjere idretten endå tryggare og meir inkluderande for alle.

Vestland Arbeidarparti vil arbeide mot staten for å:

● Redusere ventetida mellom godkjent spelemiddelsøknad og utbetaling av midlane i Vestland.

● Auke spelemidlane til strategisk viktige idrettsanlegg.

● Auke tilskota frå staten til friluftsråda sitt arbeid for å ta vare på statlege sikra friluftsområde.

Frivilligheit og demokrati

Sivilsamfunnet er ein grunnstein for eit moderne demokrati. Mangfaldet av små og store organisasjonar er viktige for auke deltakinga i samfunnet, for å fremje samfunnsengasjement og for å gjere frivillig samfunnsnyttig arbeid. Barn, unge, vaksne og eldre finn fellesskap og meining i frivillige organisasjonar. Det vil Arbeidarpartiet verne om.

Vestland Arbeidarparti vil:

● Auke tilskota til barne- og ungdomsorganisasjonar.

● Oppretthalde tilskota til regionale ungdomsparti.

● Arbeide vidare med å gjere alle fylkeskommunale bygg og anlegg gratis og tilgjengeleg for frivillige organisasjonar.

● Ikkje gje tilskot til organisasjonar som bryt likestillings- og diskrimineringslova, og som ekskluderer kvinner, minoritetar, skeive eller andre frå å delta på noko vis.

Vestland Arbeidarparti vil arbeide mot staten for å:

● sikre at ikkje kostnadene med sikkerheit ved demonstrasjonar og arrangement skal bli for høge for frivillige organisasjonar.

Inkludering og mangfald

Målet til Arbeidarpartiet er at alle skal ha moglegheit til å delta og til å lukkast. Difor er inkluderingsperspektivet gjennomgåande i alt vi gjer. Uavhengig av kor du kjem frå, kva du trur på eller kven du elskar, skal samfunnet vere ope og gje deg moglegheiter.

Vestland Arbeidarparti vil:

● Arbeide med ein plan for inkludering og deltaking, som skal nytte alle delar av offentleg sektor for å få fleire ut i utdanning, arbeid og frivilligheit.

● Satse vidare på mentor- og traineeordningar slik at fleire med minoritetsbakgrunn får opna dørene inn til arbeidsliv og næringsliv.

● Stimulere kulturliv, idrett og frivilligheita til å sikre eit større mangfald på scena og i publikum, utan å bryte prinsippet om ei armlengds avstand.

● Sørge for at fleire fritidsaktivitetar blir tilrettelagt for alle, slik at barn med funksjonsnedsettingar og kroniske sjukdomar kan delta.

● Sikre reell medverknad frå rådet for menneske med nedsett funksjonsevne og andre interesseorganisasjonar og sikre reell universell utforming ii fylkeskommunale byggeprosessar.

Er du enig med Vestland Arbeidarparti om Kultur, idrett og frivilligheit?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker