fylket

Trygg styring for eit sterkare Vestland

Kapittel om fylkesstruktur

Trygg økonomisk styring er ein føresetnad for at vi skal nå dei overordna måla våre. I usikre tider skal dette sikre velferda vår.

Politikarane må vise moderasjon. Godtgjersla til folkevalde skal samtidig legge til rette for demokratisk deltaking for flest mogleg. Leiarlønningar til administrativt tilsette skal vere konkuransedyktige, men ikkje lønsleiande.

Arbeidarpartiet meiner at Vestland fylkeskommune er så stor og omfattande at den politiske styringa må styrkast gjennom parlamentarisme eller ein formannskapsmodell med meir politisk styring.

I Vestland har vi vist at når ein gir fylkeskommunen fleire oppgåver, så løyser vi dei betre enn staten. Vi har kompetansen og storleiken til å ta over fleire oppgåver. Oppgåver som best vert løyste på eit regionalt nivå, bør flyttast til fylkeskommunen. Slik kjem makta nærare folk.

Eit samla Vestland skapar ein slagkraftig region. Difor opnar Arbeidarpartiet for å samle heile Vestlandet i eitt fylke.

Er du enig med Vestland Arbeidarparti om Trygg styring for eit sterkare Vestland?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker