Sterkare saman! Valprogram 2023
Sjå dei ulike kapitla nedst på sida
Trygg styring i ei krevjande tid
Arbeidarpartiet sine kjerneverdiar er fridom, likskap og solidaritet. Fridom for nokre skal ikkje avgrense fridomen for andre. Alle skal ha moglegheita til å lukkast, uavhengig av kvar du bur, kor du kjem frå, kva du trur på eller storleiken på lommeboka di.
I 2022 gjekk verda inn i ei ny krisetid med krig i Europa. Etterdønningane etter koronakrisa og krigen i Europa har medført dyrtid og inflasjon, noko som òg påverkar oss. Framtida er meir usikker enn før.
I krisetid og omstilling er det avgjerande å skape tryggleik for arbeid og velferd. For oss er arbeid, velferd og klima dei viktigaste prioriteringane. Historia viser at like moglegheiter, små skilnadar mellom folk og høg tillit er avgjerande for å handtere kriser slik at vi kjem sterkare ut på andre sida. Difor er vi sosialdemokratar. Arbeiderpartiet står for trygg styring og framtidsretta løysingar. Vi håpar på di støtte til å styre Vestland også dei neste fire åra.
For å klare omstillinga, må vi ha ein inkluderande fellesskule for alle. Lærarane skal ha tillit til å utøve yrket sitt, og elevane skal møte ein skule med rom til å sjå kvar einskild. Alle skal ha moglegheitene til å lukkast, anten det er med meisterbrev eller mastergrad.Vi vil mellom anna:
- Fortsette å ha gratis skulefrukost for alle elevar på vidaregåande skule
- Styrke laget rundt eleven ved å opprette eigne miljøteam eller miljøkoordinatorar, og ha god psykososial kompetanse på alle vidaregåande skular
- Vidareføre bruken av inntaksregionar i Vestland for å sikre retten til å gå på ein skule nær der ein bur
Vi skal fortsette satsinga på yrkesfaga og sikre at alle som er kvalifisert, får læreplass. Samarbeidet med næringslivet må styrkast, og vi skal skape fleire moglegheiter til yrkesfagleg høgare utdanning. Elevane skal vere klare i møte med arbeidslivet og studentlivet.Vi vil mellom anna:
- Innføre ein læreplassgaranti, slik at alle elevar som er kvalifiserte får læreplass
- Samarbeide med lokalt næringsliv for å utdanne relevant arbeidskraft for næringslivet og for å sikre at lærlingane har erfaring med utstyret dei skal nytte i arbeidslivet
- Arbeide for at fleire fagarbeidarar kan ta bachelor- og masterutdanning gjennom Y-vegen. Dette gjeld særleg innan helsefag og tekniske fag
Vegane våre skal vere trygge og binde Vestland saman. Kollektivtilbodet skal utviklast slik at det er tilpassa livet i både by og land. Det skal vere trygt og effektivt å ferdast i Vestland på ein miljøvenleg måte.
Vi vil mellom anna:
- Gjere det gratis for born opp til og med 12 år på kollektiv på fritida, med mål om gratis kollektivtransport til fylte 16 år
- Prioritere rassikring, trafikktryggleik, trygge skulevegar og nødvendig vedlikehald på fylkesvegnettet
- Arbeide vidare med nye billettypar som er tilpassa ein meir fleksibel reisekvardag
Ved å sikre ein inkluderande fellesskule og bygge eit næringsliv basert på våre naturgitte føresetnader, skal vi skape for å dele. Med eit næringsliv i vekst, kan vi sikre velferda til fleire og klare klimaomstillinga. Vestland er eit spegelbilete av Norge. Om Vestland lukkast, lukkast Norge.
Ein inkluderande fellesskule
Kapittel om opplæring og kompetanse
Vi binder Vestland saman
Kapittel om samferdsle og infrastruktur
Utvikling og omstilling
Kapittel om næringsliv og arbeidsliv
Energi, klima og miljø
Kapittel om energi, klima og miljø
Kultur, idrett og frivilligheit
Kapittel for kultur, idrett og frivilligheit
God tannhelse for alle
Kapittel for tannhelse
Trygg styring for eit sterkare Vestland
Kapittel om fylkesstruktur