busskur

Vi binder Vestland saman

Kapittel om samferdsle og infrastruktur

Samferdsle og infrastruktur

Vestland Arbeidarparti sitt overordna mål er å legge til rette for gode liv, busetting og verdiskaping i heile fylket. Vestland er eit fylke med store moglegheiter; samstundes som vi står vi også overfor utfordringar knytt til folkevekst, omstilling av næringslivet og det å nå ambisiøse klimamål.

Vestland Arbeidarparti legg nullvisjonen om at ingen skal døy eller verta hardt skadd til grunn for samferdslepolitikken.

For Vestland Arbeidarparti er difor dei overordna måla for samferdslepolitikken:

● Å prioritere liv og helse.

● Å sikre gode, trygge og framkommelege vegar.

● Å kutte utslepp for å løyse klimakrisa.

● Å utvikle attraktive bu- og arbeidsmarknadsregionar som sikrar konkurransekrafta i Vestland.

Vegnettet

Gode, trygge og framkommelege vegar er avgjerande for at Vestland skal vere attraktivt for både busetnad og næring. På fylkesvegane er det utfordringar med utrygge, rasutsette vegar og eit stort vedlikehaldsetterslep. I tillegg er køproblem, ferjer og andre barrierar ei avgrensing for næringsliv og utvikling av attraktive lokalsamfunn i Vestland.

Vegutbygging medfører arealinngrep som vil kunna gje auka klimagassutslepp og tap av naturmangfald. I store motorvegprosjekt skal nedskalering vurderast for å nå nasjonale målsettingar for klima og natur, og sikra naudsynte ressursar til oppgradering, vedlikehald og rassikring av vegnettet.

Riks- og europavegane spelar også ei avgjerande rolle for å knyta fylket vårt saman internt og med andre regionar nord, sør og aust for oss. Vi forventar at staten prioriterer å bygge ut eit trygt, rassikkert, tenleg og effektivt overordna vegnett i fylket vårt. Det vil styrke busetting, konkurransekraft og legge til rette for den store omstillinga vi skal gjennom i åra som kjem.

Det hastar med å få på plass et trygt og effektivt vegnett i Bergensregionen, for å redusere kø, betre beredskap, redusere klimagassutslepp og nå nullvisjonen om hardt skadde og drepne i trafikken.

Arbeidarpartiet vil:

● Prioritere rassikring, trafikktryggleik, trygge skulevegar og nødvendig vedlikehald på fylkesvegnettet.

● Vere ein pådrivar for å avløyse eller korte inn ferjesamband der dette er økonomisk fornuftig for fylkeskommunen.

● Sikre at større samferdsleprosjekt bidreg til regional verdi- og jobbskaping.

● Styrke krav til klima og innovasjon i fylkeskommunale anbod.

● Arbeide for at vi gjennomfører prosjekt på ein måte som sikrar meir trafikksikker veg for pengane.

● At Vestland skal bli ein “trafikksikker fylkeskommune”. 

● Avgrense tap av dyrka mark og naturmangfald ved vegbygging.

Arbeidarpartiet vil arbeide mot staten for å:

● Få mest mogleg samferdslemidlar til fylket

● Sikre forpliktande nasjonale planar for vedlikehald og rassikring av riks- og fylkesvegar, med mål om ei tredobling av rassikringsmidlane til Vestland - og gjennomføring i løpet av 12 år.

● Forbetre ferjeavløysingsordninga for å realisere modne ferjeavløysings- og –innkortingsprosjekt.

● Realisere ny veg og bane mellom Bergen og Voss (K5).

● Realisere ein opprusta og ferjefri E39 langs nord/sør-aksen med gode koplingar til andre område i fylket.

● Bygge ut eit effektivt og trygt vegnett i Bergensregionen, særleg E39 og Rv555.

● Forbetre aust-vest sambanda; E16, E134, Rv15, Rv7.

● Utbetre Rv13 for å knytte indre Vestland saman.

Eit kollektivtilbod for framtida

Norge og Vestland har sett ambisiøse klimamål fram til 2030 og 2050. Bergen er også omfatta av nullvekstmålet for biltrafikk. Auka bruk av miljøvennleg kollektivtransport, tilrettelegging for syklistar/gåande og gjennomtenkt by- og tettstadplanlegging, spelar ei avgjerande rolle for å nå desse måla. Då må det satsast vidare på utvikling av kollektivtransporten i Bergen, der befolkningsgrunnlaget for kollektive løysingar er størst. Utanfor storbyen vil auke i kollektivbruk krevje utvikling av nye og meir treffsikre mobilitetskonsept i samarbeid med kommunane. Gode døme på dette er ringbuss med regelmessige avgangar i dei større tettstadane og bydelane, samt gode tilbod på bestillingsruter i meir spreidd bygde område. Best utvikling får vi dersom innfartsparkeringar, sykkelvegar og gangvegar vert sett i samanheng med kollektivtilbodet både i byar og tettstadar.

Vestland fylkeskommune har forplikta seg til realisera målet om nullvekst i privatbilismen i Bergensområdet. Eit av våre viktigaste verktøy for å nå det målet er Bybanen, som er ryggrada i kollektivsystemet i Norges nest største by. Vestland Arbeidarparti vil byggje bybanen til Åsane, og er positiv til bybane til fleire bydelar i framtida.

Arbeidarpartiet vil:

• At Skyss må bli eit fullverdig mobilitetsselskap. Det vil seie å skape samanheng mellom sykkel, bildeletenester, og andre kollektivløysingar utover buss, båt og bane.

• Gjere det gratis for born opp til og med 12 år på kollektiv på fritida, med mål om gratis kollektivtransport til fylte 16 år.

• Arbeide vidare med nye billett typar som er tilpassa ein meir fleksibel reisekvardag.• Halde fram med å gi studentar lågare pris på periode- og enkeltbillettar.

• Utvikle nye løysingar som aukar kollektiv bruken i distrikta.

• Sikre at prisen på kollektivreiser ikkje skal auke meir enn generell prisvekst.

• Forenkle og samkøyre takstsystema mellom tog, buss, hurtigbåt og ferje, og sikre god korrespondanse.• Satse på utbygging av gang- og sykkelvegar i samarbeid med kommunane.

• Sikre at kollektivtransporten framleis skal vere reklamefri.

• Sørge for at kollektivtransporten er universelt utforma, både kva gjeld haldeplassar, bussar og anna transportmiddel.

• Bygge Bybanen til Åsane.

• Sikre bussjåførane med betre kollisjonsvern på bussane.

• Vurdere å drive kollektivtrafikken i eigenregi og uten bruk av anbod.

Arbeidarpartiet vil arbeide mot staten for å:

● Få ein større statleg del av store kollektivprosjekt.

● Sikre minst 70% statleg finansiering av Bybanen.

● Bygge ut Bergensbanen med mål om reisetid på 4 timar og konkurransedyktig pris.

Sjøtransport og luftfart

Ferje og hurtigbåt er ein avgjerande del av samferdsletilbodet i store delar av Vestland. Eit tenleg ferje- og hurtigbåttilbod som dekker behova til folk og næringsliv er difor nødvendig for å sikre livskraftige lokalsamfunn.

Hurtigbåtane har i dag store utslepp. I kommande anbod er det difor viktig å gå over til låg- og nullutsleppsløysingar også på hurtigbåtane, samtidig som ein tar vare på eit godt rutetilbod til dei reisande.

Kortbanenettet for fly er ein viktig og nødvendig del av beredskapen og kollektivtilbodet i distriktet. Vestland Arbeidarparti vil arbeide for at kortbanenettet skal ha eit godt og framtidsretta flytilbod, primært gjennom at alle fem kortbaneflyplassane i fylket vert ein del av staten si FOT-ruteordning (flyrutekjøpsordning).

Vi vil også arbeide for at vi får ei pilotordning på utsleppsfrie fly på kortbanenettet i Vestland.

Vestland Arbeidarparti vil:

● Stille krav til miljøvenleg drift og fornya hurtigbåtar i heile fylket.

● Sjå på moglegheita for fleire lokale hurtigbåtar i Bergensområdet.

● Sjå på moglegheita for å auke avgangar og utvide opningstid på hurtigbåt om passasjertalet tilseier det.

● Sikre at ferjetilbodet er fleksibelt i høve til endra trafikkmengd.

● Ha ferjetilbod som er med på å utvikle velfungerande bu- og arbeidsområde.

Vestland Arbeidarparti vil arbeide mot staten for å:

● Sikre betre statleg finansiering av ferje- og hurtigbåttilbodet som er i samsvar med kostnadsveksten i nye anbod og ved ny teknologi.

● Sikre, merke og utdjupe skipsleia langs kysten og bygge ut Stad skipstunnel.

Er du enig med Vestland Arbeidarparti om Vi binder Vestland saman?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker