fisk

Utvikling og omstilling

Kapittel om næringsliv og arbeidsliv

Næringsliv og arbeidsliv

Arbeid til alle er jobb nummer éin og vår viktigaste oppgåve. Skal vi lukkast med den, må vi utvikle våre eksisterande næringar og legge grunnlaget for nytt næringsliv og ny industri i heile fylket.

Det grøne skiftet og krav om kutt i klimautslepp krev nye løysingar. Næringslivet i vår region har synt at dei på mange område er verdsleiande og evnar å utvikle ny teknologi som kan møte utfordringane i framtida.

Høg sysselsetting og eit organisert arbeidsliv er ein føresetnad for eit tillitsbasert samfunn med små skilnader, og legg grunnlaget for finansieringa av den felles velferda vår. Trygge jobbar og ei løn det er mogleg å leve av, er avgjerande for fridomen til den einskilde og for fellesskapet.

Eit seriøst arbeidsliv for alle

Arbeidarpartiet har ei grunnleggande tru på at alle arbeidsplassar vert drivne best når dei tilsette vert høyrde og har høve til å medverke i viktige prosessar.

Utan det organiserte arbeidslivet overlever ikkje samfunnsmodellen vår. Saman med ei sterk fagrørsle vil vi kjempe mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. I eit arbeidsliv i stadig endring er kompetanseheving og omstilling eit pågåande arbeid som må forankrast i samarbeidsmodellen.

Arbeidarpartiet seier nei til å privatisere fleire fylkeskommunale tenester. Vi vil avgrense bruken av vikarbyrå og innleige av arbeidskraft i privat og offentleg sektor Vi vil vurdere å ta tilbake tenester i egen regi når anbodsavtaler går ut.

Dei tilsette i Vestland fylkeskommune skal oppleve å bli møtt av ein seriøs og inkluderande arbeidsgjevar. Arbeidarpartiet vil styrke samarbeidet med tilsette og fagorganisasjonar på alle nivå. Vestland fylkeskommune skal ha ein heiltidskultur og som hovudregel berre lyse ut heile, faste stillingar.

Vestland Arbeidarparti vil:

● At Vestland fylke legg seriøsitetsbestemmelsar i alle innkjøpa sine for å sikre gode og føreseielege arbeidskår for arbeidsfolk,

● Bruke lærlingar i alle fylkeskommunale prosjekt og anbod.

● Auke talet på lærlingar i fylkeskommunale verksemder

● Sikre gode rutinar for varsling, og oppfølging og ivaretaking av varslarar.

● Sikre at arbeidstakarane sine pensjonsrettar blir ivaretekne.

● Vere ein aktiv pådrivar for å sikre at fleire får ta del i arbeidslivet.

● At Vestland fylkeskommune bruker VTA-bedrifter der det er mogleg, for å gi alle moglegheit til eit meiningsfylt arbeid.

● arbeide for at alle tilsette i fylkeskommunen får tilbod om heiltidsstillingar.

● Sørge for at det i driftskontraktar som blir sett ut på anbod blir sikra at bedrifta tar over tilsette og lærlingar i samsvar med reglane i arbeidsmiljølova

● Opprette ein eigen og uavhengig LO-koordinator som har som oppgåve å etterleve seriøsitetskrav i anbod og kontraktar.

● Arbeide for fleire VTA-plasser til Vestland.

● Legge til rette for at næringslivet sørger for at alle får delta i arbeidslivet uavhengig av fysiske og psykiske barrierar.

Utvikling og omstilling av næringsliv og industri

Klimaendringane gjer at næringslivet i Vestland må omstille seg i ei grønare retning i tett samarbeid med lokale og nasjonale styresmakter. Vestland har alle føresetnader for å lukkast i ei grøn omstilling med dei sterke fagmiljøa i forsknings- og utdanningsinstitusjonar, partane i arbeidslivet og industri- og næringsverksemder som arbeider i lag.

Mange av klimaløysingane ligg i industrien. Olje- og gassindustrien, maritim industri og leverandørindustrien bygger no det neste energieventyret i Norge. Karbonfangst og -lagring, hydrogen, havvind, batteriteknologi, bioøkonomi og grøn skipsfart kan bli nye store næringar for Norge.

Arbeiderpartiet vil at Vestland skal være eit føregangsfylke i det grøne skiftet. Vi vil ta heile fylket i bruk for å lukkast med omstilling og utvikling av næringslivet, og sørge for at næringslivet og det offentlege i Vestland har tilgang på nok arbeidskraft og kompetanse.

Vestland Arbeidarparti vil:

● Vere ein pådrivar til at industrien og næringslivet i Vestland utviklar grøne teknologiske løysingar for heile verda og sikre kommersiell produksjon av nye teknologiar i eigen region.

● Gjere Vestland fylke til ein aktiv samarbeidspartnar for næringslivet i deira mål om utvikling, innovasjon og utdanning av relevant arbeidskompetanse.

● Arbeide for eit styrka verkemiddelapparat til etablering av nye verksemder og utvikling av ny teknologi og nye produkt.

● Styrke regionale næringsklynger og inkubatorar med kompetanse og ressursar til å skape arbeidsplassar.

● Sørge for digital infrastruktur som stettar behova til næringslivet.

● Vidareutvikle samarbeidsprogrammet Grøn Region Vestland.

● Vere ein pådrivar for betre 4G og 5G nett i heile Vestland.

Landbruk, reiseliv og havbruk

Vi treng eit sterkt vestlandslandbruk som produserer trygg og god mat. Dette er viktig for mattryggleik, sjølvberging og berekraft. Landbruket gir arbeidsplassar i heile fylket og grunnlag for ei rekke arbeidsplassar i næringsmiddelindustrien i distrikta. Frukt- og bærdyrking vil vere eit satsingsområde for vår region fordi vi blir rekna for å vere Norge sin frukthage. Vestlandsskogbruket er viktig for lokal verdiskaping og det grøne skiftet.

Reiselivsnæringa nyttar føremona som naturen vår med fjord og fjell gir av opplevingar frå tilreisande. Næringa har gode føresetningar for å vere ei heilårsnæring som er med på å trygga faste arbeidsplassar. Arbeidarpartiet ser reiselivsnæringa som ei viktig næring for regionen som skal utviklast med merksemd på meir miljøvenlege reiselivsprodukt.

Vestland er blant dei største sjømatfylka i Norge. Sjømatnæringa bidreg til både sysselsetting, verdiskaping og matproduksjon. Det er ei målsetting å legge til rette for at fangsten vert landa og foredla lokalt. Fiskerifaglege, marine og maritime utdanningstilbod må styrkast. Havbruksnæringa må sikrast gode rammevilkår og legge til rette for berekraftig vekst og utvikling av næringa med fokus på å løyse miljøutfordringane vi har i dag.

Vestland Arbeidarparti vil:

● Sikre vestlandsbonden gode rammevilkår og legge til rette for nye samarbeidsformer som kan gi rekruttering og optimisme i jord- og skogbruksnæringa

● Oppretthalde utdanningsinstitusjonar som sikrar jordbruket fagkompetanse i framtida.

● Vere ein pådrivar i arbeidet med å auke produksjonen av fornybare ressursar frå skog og jordbruk.

● Støtte eit meir berekraftig reiseliv som sikrar naturmangfald og berekraft

● Legge til rette for heilårsreiseliv i heile fylket, og styrke verdiskapinga i næringa.

● Støtte opp om regionale prosjekt som inkluderer kulturinstitusjonar, lokalmattilbod og naturopplevingar i etablering av reiselivsprodukt.

● Arbeide for å etablere landstraumtilkopling for skip

● Sørge for fagutdanning etter reiselivet sine behov gjennom vidaregåande opplæring

● Arbeide for at vidareutvikling av sjømatnæringa skjer på ein berekraftig måte og at fangsten blir landa og vidareutvikla lokalt

● Følgje opp miljøutfordringar knytta til sjukdom og rømming i fiske- og oppdrettsanlegg.

● Styrke og vidareutvikle Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet sine ansvarsområde, og medverke i arbeidet med ny samlokalisering av aktivitetane i Bergen.

● Sørge for god samhandling mellom vidaregåande skule og havnæringa for å bygge kompetanse for framtida.

Er du enig med Vestland Arbeidarparti om Utvikling og omstilling?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker