skolefrokost

Ein inkluderande fellesskule

Kapittel om opplæring og kompetanse

Opplæring og kompetanse - ein inkluderande fellesskule

Alle skal kunne lukkast uavhengig av kven ein er. Skulen er ein viktig arena for utjamning av forskjellar mellom elevane. Skulen er også avgjerande for å sikre næringslivet kompetanse og arbeidskraft. Det gjer ein med god yrkesopplæring og høgare yrkesfagleg utdanning. Arbeidarpartiet vil styrke den offentlege fellesskulen gjennom auka kvalitet i opplæringa, sikre gratisprinsippet og betre velferda for elevane. Målet er at alle elevar skal fullføre vidaregåande opplæring.

Vidaregåande opplæring

Det skal vere trygt og motiverande å gå på skulen. Vi treng gode bygg med universell utforming, oppdatert undervisningsmateriell og kvalifiserte lærarar. Dette skaper læring, trivsel og motivasjon. Prinsippet om at den offentlege skulen sikrar like moglegheiter for alle er grunnleggjande for Arbeidarpartiet sin skulepolitikk. Difor ønskjer vi ikkje fleire privatskular. Læraren er den viktigaste ressursen for den einskilde eleven si læring og må difor få tillit og høve til å utøve yrket sitt. Elevane treng å oppleve meistring og trivsel på skulen. Dette er viktige faktorar for læring og god fysisk og psykisk helse. Difor må vi styrke den tverrfaglege innsatsen rundt elevane med mellom anna psykososial kompetanse og miljøarbeidarar. Vi må og betre samarbeidet mellom den kommunale helsetenesta, skulehelsetenesta og dei vidaregåande skulane.

Vestland Arbeidarparti vil:

● Vidareføre bruken av inntaksregionar i Vestland for å sikre retten til å gå på ein skule nær der ein bur.

● Sikre eit godt vidaregåande opplæringstilbod for elevane i heile fylket, dette inneber ein berekraftig balanse mellom ein desentralisert skulemodell og eit variert programtilbod.

● Vidareutvikle Nettskulen i Vestland for å sikre mangfaldige opplæringstilbod i heile fylket.

● Arbeide for eit betre tilpassa og meir variert undervisningstilbod for elevar med nedsett funksjonsevne.

● Vidareføre retten til å fullføre skuleløpet på den skulen ein har starta på.

● Sikre gode økonomiske rammer for skulane, og seie nei til stykkprisfinansiering.

● Vidareføre tilbodet om gratis skulefrukost på alle vidaregåande skular i Vestland.

● Sikre at elevane skal ha tilgang til fysiske læremiddel. Det digitale skal vere eit supplement. Læremiddel skal vere på begge målformer i tide til skulestart.

● Arbeide for rimelegare skule-PC ar og sikre at andre læremiddel ein treng i vidaregåande skule skal vere gratis.

● Sikre at elevar som er i ferd med å falle ut av skuleløpet skal ha rett til god oppfølging, både sosialpedagogisk oppfølging og frå rettleiingstenesta.

● Sikre tilstrekkelege ressursar til elev-, lærling- og mobbeomboda.

● Styrke rådgjevingstenesta i den vidaregåande skulen, blant anna gjennom kompetanseutvikling for dei tilsette, betre kartleggingsverktøy og samarbeid med arbeidsliv og med karrieresenter.

● Styrke laget rundt eleven ved å opprette eigne miljøteam eller miljøkoordinatorar, og ha god psykososial kompetanse på alle vidaregåande skular.

● Arbeide for at kommunane skal ha fleire helsesjukepleiarar på dei vidaregåande skulane, då helsesjukepleiarar er eit kommunalt ansvar.

● Seie nei til etableringa av nye privatskular med offentleg finansiering, og nei til utviding av eksisterande kommersielle privatskular.

● Dei vidaregåande skulane skal vere opne for politiske ungdoms- og interesseorganisasjonar.

● Sikre at hybelbuarar har trygge og gode vilkår i og utanfor skuletida, ved å mellom anna opprette eigne trivselstiltak og ha eigne miljøkoordinatorar.

● Oppretthalde produksjonskulane i Vestland og sikre framtidig finansiering i samarbeid med staten.

● Sikre at skular og offentlege fellesareal skal vere universelt utforma.

Vestland Arbeidarparti vil arbeide mot staten for å:

● Gjere konsesjonar til privatskular med offentleg finansiering tidsavgrensa, og syte for at desse blir sett i samanheng med den offentlege skulestrukturen. Fylkeskommunen må ha større påverknad på etableringa av og strukturen på dei private skulane.

● Fjerne den offentlege støtta til kommersielle privatskular på sikt.

● Innføre alternative eksamensformer som i større grad kan syne den einskilde eleven sin kompetanse, til dømes ved bruk av mappevurdering.

● Auke stipenda til elevane for å sikre gratisprinsippet i vidaregåande skule, også for dei som bur på hybel.

Fleire fagarbeidarar med høg kompetanse

For å løyse utfordringane som kjem i framtida, vil ein ha bruk for mange fleire utdanna fagarbeidarar. Vi vil arbeide for at trenden med at fleire vel yrkesfag, held fram, og vi vil sikre at fagprogramma til ei kvar tid er relevante for arbeidslivet. Alle som er kvalifiserte til å få ein læreplass, skal få det.

Dei vidaregåande skulane skal ha godt opplæringsmateriell. Den teknologiske utviklinga krev at det offentlege har godt samarbeid med næringslivet, mellom anna gjennom samarbeid om moderne opplæringsutstyr. Yrkesfaga skal tilpassast næringslivet sitt behov for arbeidskraft i framtida, og elevane skal vere best mogleg førebudde på krava dei vil møte som lærlingar.

Vestland Arbeidarparti vil:

● Innføre ein læreplassgaranti, slik at alle elevar som er kvalifiserte får læreplass.

● Sikre YSK-linjene, og vurdere å opprette fleire klassar i fleire delar av fylket.

● Auke gjennomføringa på yrkesfag ved at fleire går ut i lære, mellom anna ved at fleire kan få praksisopphald i løpet av skulegangen.

● Arbeide for å auke talet elevar som tar fagbrev slik at færre elevar går over på påbygg før fullført fagbrev.

● Arbeide for meir varierte studiespesialiserande løp, som studiespesialiserande programfag innan helsefag.

● Samarbeide med lokalt næringsliv for å utdanne relevant arbeidskraft for næringslivet og for å sikre at lærlingane har erfaring med utstyret dei skal nytte i arbeidslivet.

● Arbeide for å opprette klasser der ulike faggrupper kan ta fellesfag på skulen, og ta resten av opplæringa i bedriftene.

● Arbeide for at fleire fagarbeidarar kan ta bachelor- og masterutdanning gjennom Y-vegen. Dette gjeld særleg innan helsefag og tekniske fag.

● Arbeide mot kommunane for å sikre fleire læreplassar i offentleg sektor, særleg innanfor velferdsyrka, og at det er samsvar mellom tilgjengelege læreplassar og skuleplassar.

● Dimensjonere yrkesfagtilboda slik at dei samsvarer med tilgjengelege læreplassar.

● Utvide individuelt tilpassa skuletilbod for ungdomar med alvorlege psykiske vanskar til òg å omfatte yrkesfaglege tilbod.

● Legge til rette for at alle skal kunne lykkes med fagskoleutdanning eller som lærekandidatar uavhengig av fysiske og psykiske barrierar.

Vestland Arbeidarparti vil arbeide mot staten for:

● At nasjonalt senter for yrkesfag blir plassert i Vestland, i godt samarbeid med dei vidaregåande skulane, fagskulen og universitets- og høgskulemiljøa.

● At fylkeskommunane får ekstratilskot for å opprette YSK-linjer.

Fagskulen for framtidige fagarbeidarar

Fagskulen gir moglegheiter til fagarbeidarar som vil vidareutdanne seg. Fagskulen gir høgare yrkesfagleg utdanning, og er avgjerande for å imøtekomme kompetansebehovet i framtida. Det er kompetansen hos dei tilsette som er det største konkurransefortrinnet i norsk næringsliv. Kombinasjonen av praktisk og teoretisk kompetanse er noko av det viktigaste industrien og næringslivet elles treng, og fagskulen er sentral for å sikre næringslivet rett kompetanse for framtida.

Det er viktig at fagskulen får den anerkjenninga den fortener, som eit godt alternativ til høgare akademisk utdanning.

Vestland Arbeidarparti vil:

● Vere ein aktiv eigar og ha fagtilbod på Fagskulen i Vestland som er relevante for arbeidslivet.

● Legge til rette for kortare utdanningar og høve til å kombinere utdanning med arbeid.

● Styrke utdanningstilboda ved fagskulane og legge til rette for fleksible løysingar der utdanninga kan gjennomførast desentralisert og i tilpassa modular.

● Informere om tilbod om høgare yrkesfagleg utdanning gjennom kampanjar retta mot ungdomsskular og yrkesfagselevar i vidaregåande skule.

● Sikre at fagskulestudentane sine studentrettar vert likestilte med universitets- og høgskulestudentane sine rettar.

Vestland Arbeidarparti vil arbeide mot staten for å:

● Auke statusen til fagskuleutdanninga.

● Auke den statlege finansieringa av fagskulane i Norge.

Regional kompetansepolitikk: Lære heile livet

Det vil bli vanlegare i framtida at ein skiftar jobb oftare. Arbeidslivet er heile tida i endring og dette medfører at fleire må omskulere seg og ta vidareutdanning for å ha den kompetansen arbeidslivet treng. Slik sikrar vi at fleire blir inkluderte i arbeidslivet, og vi sikrar eit sterkt og konkurransedyktig næringsliv. Difor må prinsippet om å lære heile livet bli grunnleggande for opplæringspolitikken. Utdanning og livslang læring må vere tilgjengeleg der folk bur.

Vestland Arbeidarparti vil:

● Styrke tilbodet om etter- og vidareutdanning for alle yrkesgrupper i nært samarbeid med partane i arbeidslivet og vaksenopplæringsorganisasjonane/studieforbunda.

● Samarbeide med staten i utviklinga av desentraliserte utdanningssenter, slik at fleire kan ta utdanning i nærleiken av der dei bur, samstundes som dei er i arbeid.

● Samarbeide med Fagskulen i Vestland, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet om korleis betre legge til rette for å ta fag uavhengig av bachelor- og masterløp.

● Samarbeide med staten om yrkesfagleg rekvalifisering med oppdatert og formalisert kompetanse til både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar.

● Arbeide for å gi studentar meir praksis i arbeidslivet gjennom traineeordingar i fylkeskommunen og ved samarbeid med næringslivet.

Er du enig med Vestland Arbeidarparti om Ein inkluderande fellesskule?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker