God tannhelse for alle
Kapittel om tannhelse
Tannhelse er ein viktig del av folkehelsearbeidet. Difor må vi sikre at det offentlege tannhelsetilbodet er tilgjengeleg i alle delar av fylket. For å få til dette er vi avhengig av at fleire vel tannlegeyrket, og det må jobbast aktivt og langsiktig med rekruttering til yrket. Sterke fagmiljø og kompetansesenter er avgjerande for den vidare utviklinga av tannhelsetenesta og for utvikling av ny teknologi innanfor området. Vi skal legge til rette for at alle som har rett til tannbehandling gjennom det offentlege får det.
Vestland Arbeidarparti skal arbeide for at tannhelsetenesta blir likestilt med anna helseteneste, slik at personleg økonomi ikkje blir avgjerande for om ein har råd til tannbehandling eller ikkje.
Vestland Arbeidarparti vil:
● Oppretthalde et godt tannhelsetilbod i alle delar av fylket.
● Ha søkjelyset på rekruttering av tannlegar til distriktet gjennom gode praksisordningar og informasjon til tannlegestudentane.
● Vidareutvikle kompetansesentera og bidra til utvikling av ny relevant teknologi.
● Arbeide mot staten for at tannhelsetenestene blir likestilt med anna helseteneste.