fjell

Energi, klima og miljø

Kapittel om energi, klima og miljø

Energi, klima og miljø

Verda har endra seg mykje dei siste fire åra. Europa står i ei akutt energiforsyningskrise, og Norge kan potensielt stå overfor mange år med høge straumprisar og kraftunderskot.

Samtidig har vi sett klimaendringa herje stadig meir dei siste åra, der konsekvensane blir meir openberre og brutale. Klimaendringane er globale, men årsaka og løysingane er lokale. Difor skal klima vere ramma rundt all politikken vår, og på fylkesnivå.18Det er behov for å auke kraftproduksjonen i Norge.

Det er behov for å styrke nettkapasiteten i hele Vestland fylke for å møte framtidas etterspørsel etter meir effekt. Vestland Arbeidarparti vil legge til rette for auke i energiproduksjonen, i tråd med miljøkrav og med lokal forankring. Kommunar som seier ja til ny energiproduksjon skal få ein rettferdig del av verdiane som vert skapte.

Tilgang på rein fornybar kraft har alltid vore eit av vestlandsindustrien sine største konkurransefortrinn. Vestland Arbeidarparti vil at vasskraftressursane skal brukast slik at det også i framtida skal vere grunnlag for industriproduksjon i fylket.

Fylket har mange urørde naturområde med stort biologisk mangfald. Arbeidarpartiet skal verne om naturmangfaldet og jobbe for meir produksjon av energi med minst mogleg naturinngrep.

Vestland har alle føresetnader for å lukkast. Målet vårt er eit samfunn der vi utnyttar ressursane våre best mogleg, sikrar naturmangfaldet og aukar kraftproduksjonen for folk og næringsliv.

Vestland Arbeidarparti vil:

● Vere pådrivar for at område langs kysten i Vestland vert opna for offshore vindkraft, i samråd med kommunane og innanfor nasjonale planar, slik at mest mogleg av verdiskapinga skal skje i fylket vårt.

● Arbeide for å oppgradere eksisterande vasskraftanlegg og linjenett for å redusere krafttap og sikre stabil tilgang på straum.

● Sei nei til kraftutbygging i verna vassdrag, inkludert småkraftverk. Utbygging kan unntaksvis vurderast ved nødvendig flaumsikring eller ved nytt kunnskapsgrunnlag om verneføremål.

● Vekte omsynet til naturmangfald og miljøvern tungt når gjeldande vasskraftkonsesjonar skal reviderast.

● Legge til rette for at ny industri og nye bustadområder får eigen energiforsyning, til dømes gjennom fjernvarme eller solceller.

● Fremje tiltak for betre utnytting av distribusjonsnettet, energieffektivisering (til dømes gjenbruk av spillvarme i industri) og lokal energiproduksjon i heile fylket.

● Fremje krav om dagleg drift og all aktivitet i fylkeskommunen skal skje med klimavenlege løysingar ,og halde bruk av råvarer, avfall, utslepp og energiforbruk i fylkeskommunen til eit minimum.

● Redusere klimagassutslepp og bruke ressursane våre betre slik at Vestland er eit føregangsfylke innan sirkulærøkonomi.

● Innføre tiltak for å rydde opp og forhindre marin forsøpling, i samarbeid med marine næringar, friluftsråd og andre aktørar.

● Sikre at vertskommunane har reell moglegheit til å seie nei til framtidige vindkraftprosjekt.

● At arealplanar for nye vindkraftanlegg på land vert handsama etter plan- og bygningsloven.

Vestland Arbeidarparti vil jobbe mot staten for å:

• Få fortgang i sakshandsaminga på kraftnett og slik sikre betre distribusjon i Vestland fylke, spesielt i Bergensregionen.

• Få lik nettleige i heile landet for å sikre meir rettferdige straumkostnadar for både næringsliv og private bustadar.

• Sikre at større delar av inntektene frå vindkraft på land skal gå til vertskommunen, blant anna gjennom ei auke i skatt og produksjonsavgift

Er du enig med Vestland Arbeidarparti om Energi, klima og miljø?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker