Torbjørn Vereide toppar lista i Sogn og Fjordane
Noreg treng ei ny retning og ei ny regjering. Vestlandet treng dyktige stortingsrepresentantar, som kjenner vår region og folk sine utfordringar.Dei sju siste åra har Noreg gått i feil retning. Noreg har behov for ei regjering som minskar forskjellane mellom folk, og ei regjering som inkluderer alle i det norske fellesskapet. Det har den sitjande regjeringa vist at dei ikkje klarer. Tvert om har ulikskapen i Noreg auka under Høgres regjeringstid.
Med Arbeidarpartiet i spissen får Noreg ei anna politikk. Med Arbeidarpartiet får vi ei regjering som fører ein meir aktiv næringspolitikk. Ei regjering som kan trygga framtidas jobbar og ei regjering som har tru på og stiller krav til norsk industri. Ikkje sel ut industrien vår.Ei Arbeidarparti-regjering, er ei regjering som har tillit til folk. Ei regjering som gjev betre hjelp til dei som treng det, og tid og tillit til dei tilsette. Slik kan dei tilsette bruke si kompetanse best mogeleg i møte med menneska dei er tilsette for. Det er til det beste for dei tilsette, for brukarane og er viktig for å styrkje vår felles velferdsstat.
Nominasjonsnemnda har hatt mange gode kandidatar å jobbe med, og vi er takksame for alle innspela som er kome. Vi meiner at denne lista kan vinne valet i 2021. Vi håpar og trur at dette er ei liste vanlege folk kan kjennes seg att i. Vi har kvinner og menn, småbarnsforeldre, besteforeldre og ungdommar. Folk med ulike bakgrunnar. Rett og slett noko for ein kvar veljar.
Vi er stolte over lista som no vert lagt fram