Torbjørn Vereide innstilt på topp!

Torbjørn Vereide innstilt på topp på den endelege lista frå nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane.

Noreg treng ei ny retning og ei ny regjering. Vestlandet treng dyktige stortingsrepresentantar, som kjenner vår region og folk sine utfordringar. Dei sju siste åra har Noreg gått i feil retning. Noreg har behov for ei regjering som minskar forskjellane mellom folk, og ei regjering som inkluderer alle i det norske fellesskapet. Det har den sitjande regjeringa vist at dei ikkje klarer. Tvert om har ulikskapen i Noreg auka under Høgres regjeringstid. Då treng vi kandidatar som held den sosialdemokratiske fana høgt!

Nominasjonsnemnda har hatt mange gode kandidatar å jobbe med, og vi er takksame for alle innspela som er komne. Vi meiner at denne lista kan vinne valet i 2021. Vi håpar og trur at dette er ei liste vanlege folk kan kjenne seg att i. Vi har kvinner og menn, småbarnsforeldre, besteforeldre og ungdommar. Folk med ulike bakgrunnar. Rett og slett noko for ein kvar veljar.

Vi er stolte over lista som no vert lagt fram