Portrett av Torbjørn Veriede

Torbjørn Vereide toppar lista i Sogn og Fjordane

Vestland Arbeidarparti gjennomførte 29. november 2020 nominasjonsmøte for Sogn og Fjordane valkrins

- Eg veit knapt kva eg skal seie. Eg er så stolt og takknemlig. Dette er ein tillit som betyr mykje, og eg er motivert for å gi jernet kvar einaste dag i tida som kjem. Verdiar betyr noko, og no er det på tide at vi får ei regjering som set fellesskapet først. Skular og eldreomsorg er faktisk viktigare enn skattekutt til dei som tener mest frå før. Difor går vi no til kamp. Bli gjerne med du også! Dette skal vi vinne saman, seier Torbjørn Vereide som er nyvald 1. kandidat for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane.

På andreplass vart sosialkurator og gruppeleiar for AP i Årdal, Marie-Helene Hollevik Brandsdal vald. Vidare på lista følgje tidlegare nestleiar i Vestland AUF Egil Natvik Vestrheim, overlege og varaordførar i Stad kommune Siri Sandvik og ordførar i Høyanger Petter Sortland.

Nominasjonsnemnda har hatt mange gode kandidatar å jobbe med, og vi er takksame for alle innspela som er komne. Vi meiner at denne lista kan vinne valet i 2021. Vi håpar og trur at dette er ei liste vanlege folk kan kjenne seg att i. Vi har kvinner og menn, småbarnsforeldre, besteforeldre og ungdommar. Folk med ulike bakgrunnar. Rett og slett noko for ein kvar veljar

Noreg treng ei ny retning og ei ny regjering. Vestlandet treng dyktige stortingsrepresentantar, som kjenner vår region og folk sine utfordringar. Dei sju siste åra har Noreg gått i feil retning. Landet har behov for ei regjering som minskar forskjellane mellom folk, og ei regjering som inkluderer alle i det norske fellesskapet. Det har den sitjande regjeringa vist at dei ikkje klarer. Tvert om har ulikskapen i Noreg auka under Høgres regjeringstid. Då treng vi kandidatar som held den sosialdemokratiske fana høgt!