Programnemda syner sitt første utkast!
Programnemda i VAP syner korta - Nå er første utkastet klart for å sendes ut i organisasjonen!
Leiar av nemnda, Stian Jean Opedal Davies er godt nøgd med arbeidet so langt. Nemnda har reist rundt i alle regionar i fylket, gjennomført møter i 2/3 av kommunane i fylket. Har besøkt nær halvparten av dei vidaregåande skulane - møtt ulike lag og organisasjonar, tillitsvalde, fagbevegelsen, idrettskretsar og bedrifter. Arbeidet har vært svært intressante og ikkje minst lærerikt. Stian trur mange vil kjenne att mange av sakene ein har tatt med i programmet.
No sender komiteen ut forslaget til kommunepartia og ynsker at kommunepartia gjer eit grundig arbeid med forslaget. Fristen for å melde tilbake er 1.desember. Forslag om endring eller tillegg til førsteutkast frå laga må sendast gjennom dei respektive kommunepartia/AUF som handsamar forslaga og fremjar forslag til fylkespartiets programnemnd. Endringsforslag skal registrerast i eige skjema. Skjema blir send til kommunepartia.
I veke 4 i 2023 kjem endeleg programutkast frå programnemnda Kommuneparti vel delegatar innan 4. februar til program og nominasjonsmøte 4.mars - der endeleg program blir vedteke.