Bildet tatt før restriksjoner pga coronoaen

Påskehelsing frå Fylkestingsgruppa

Kjære partivener! 

No er vi inne i det andre året med koronapandemien. Situasjonen er framleis alvorleg og den politiske situasjonen i Vestland er naturleg nok påverka av situasjonen vi er i.

Den politiske verksemda i Vestland går gjennom digitale fjernmøte. Slik vil situasjonen bli i månadane framover. Her er ei lita oppdatering frå kvart utval om kva saker dei jobbar med for tida:

Fylkesutvalet 

Fylkesutvalet har møte ca. kvar 14.dag. Anbefaler at alle går inn på Vestland fylkeskommune sin heimeside(https://www.vestlandfylke.no/) viss dei er interessert i å sjåkva saker som skal behandlast der. Ei viktig sak no i vår har vore orientering om årsresultatet 2020. Overskottet var på så mykje som 215 millionar kroner. Sjølv med nøktern styring, gjev det oss moglegheit til å løyve litt ekstra på prioriterte områder som til dømes opplæring. 

I løpet av vårsemesteret har Arbeiderpartiet lagt fram fleire uttaler, som har vorte einstemmig vedteke. Til dømes nettsituasjonen/kraftsituasjonen i Vestland, Lokalisering av Giek/eksportkreditt, Brakkefasseliteter på byggeplassar og lokalisering av Business Norway. 

Vi har i perioden hatt fleire dialogmøter med ulike delar av fagrøysla. Har du innspel til fylkesutvalet? Ta kontakt med våre representantar der; Anne Gine Hestetun ([email protected]), Arve Helle ([email protected]), Kine Bratli Dale ([email protected]) og Emil Gadolin ([email protected]). 

Utval for opplæring og kompetanse

Det siste året har vore særs krevjande for ungdommane våre. Smitteverntiltaka har lagt avgrensingar på sosial omgang og fritidsaktivitetar, og det har også fått konsekvensar for den vidaregåande opplæringa. Mange av skulane våre har dreve på gult og raudt nivå, mange lærlingar har vore permitterte og fleire har fått utsett fagprøvene sine.

I utvalet tok Ap, med Emil Gadolin i spissen, initiativ til eit krafttak for psykisk helse. På fylkestinget i mars vedtok fylkestinget samrøystes å sette av 32,9 millionar kroner av årsoverskotet til strakstiltak i opplæringssektoren. 12,9 millionar skal gå til å redusere tal på elevar med ikkje vurdert og/eller stryk. Dei resterande 20 millionane vert sett av for å motverke effektar av koronapandemien for elevar og lærlingar knytt opp mot psykososiale tilhøve. Midlane skal disponerast i dialog med utvalet og ungdommane sjølv.

Søknadsfristen for vidaregåande opplæring gjekk ut 1. mars. Tala viser at over halvparten av elevane våre ønskjer å gå på yrkesfag, noko som er svært gledelig. Som venta viser søkartala at det stort sett er godt samsvar med utlyst tilbod, men som vanleg vil det være behov for nokre justeringar på nokon område. Hovudutval for opplæring og kompetanse hadde tysdag 16. mars eit fellesmøte med Y-nemda for å drøfte søkartal og utfordringar. Y-nemda skal gje si innstilling til hovudutvalet i møte den 15 april. Hovudtuvalfor opplæring og kompetanse skal gjere endeleg vedtak om kva opplæringstilbod skulane våre skal ha for neste skuleår i møte den 27. april.

Utvalet jobbar også med nytt fråværsreglement som sikrar at elevane våre kan engasjere i seg politisk arbeid og utgreiing av reisetidsgaranti som skal sikre at ingen får unødvendig lang reisetid for å ta vidaregåande opplæring. Andre viktige saker er vidareføring av produksjonsskulane og SEFF- Florø og byggestart for ny vidaregåande skule i Førde.

Har du innspel eller tankar? Ta kontakt med utvalsleiar Karianne Torvanger, [email protected]

Utval for kultur, idrett og integrering

Ny regional plan for kultur, idrett og integrering er no under arbeid. Den blir vedtatt neste år og kjem til å vere det viktigaste dokumentet for kultur, idretts og inkluderingspolitikken for Vestland fylke dei neste 12 åra. Det er difor ein svært viktig plan. Første steg i prosessen er å sette retning for planen (høyring til planprogrammet) – kva hovudtema skal planen ta føre seg, kva store problemstillingarmå den svare på og kva retning skal den ha. Etter kvart kjem høyringsrunden til sjølve planframlegget. Alle kan kome med innspel, og det blir viktig for alle som er interessert i kultur, idrett og inkludering å følgje med arbeidet dei neste månadene.

Hovudutvalet har arbeidd lenge med ei sak om ein samlamuseumspolitikk for Vestland fylke, og saka vart vedteken på fylkestinget i mars. Her vedtok vi at vi meiner at staten, etter å ha trekt oppgåveoverføringa, skal ha hovudansvaret for drift og investeringar i museum i Noreg. Samstundes skal staten lytta til, og følgje lokale og regionale prioriteringar. Vi ventar med dei større museumspolitiske vedtaka til etter at Stortinget har vedteke ei ny museumsmelding.I tillegg vart det sett i gang eit arbeid med å greie ut kven som skal eige og vere byggherre for eit framtidig museumsmagasin i sørdelen av fylket.

 I januar vart det vedteke å opprette tre tilskuddsordningarinnanfor bibliotekfeltet etter at fleirtalet -med Arbeidapartiet i spissen- på fylket styrket midlane som går til biblioteka.Dette er eit skikkelig løft for dei lokale biblioteka i Vestland. Totalsummen på tilskuddsordningane er på 1,35 millionar kroner.

Det er også begynt eit arbeid som skal sjå på moglegheiten for å opprette eit kulturkort eller ein kulturrabatt for unge i fylket, slik at fleire unge kan nyta kulturlivet uavhengig av storleiken på lommeboka til foreldra.

Har du innspel eller tankar? Ta kontakt med utvalsleiar Stian Davies, [email protected]

Utval for samferdsel og mobilitet

Arbeidet med den fylkeskommunale samferdselsplanen gårframover og hovudutval for samferdsle og mobilitet (SAMO) får jamnleg løypemeldingar om status på arbeidet. I februar var det tre regionale innspelmøte som grunna korona vartarrangerte digitalt. Det er lagt opp til at planen skal leggast ut på høyring i juni og at endeleg plan skal vedtakast i fylkestinget i desember i år. 

Rammene for konkurranseutsetjing av båtsamband i rutepakke 1 og 2 i Sogn og Fjordane har vore handsama i SAMO før den vart endeleg vedekent i fylkesutvalet. Det vart bestemt at det drivstoffet som ikkje er dekka av nullutsleppsteknologi skal vera biodrivstoff. Det vart vidare vedteke at nullutsleppspiloten, som er under utvikling i samarbeid med andre fylkeskommunar, blir sett inn på strekninga for Kystvegekspressen (Florø-Måløy/Selje).Det vart sett som føresetnad at fylkeskommunen fårtilstrekkeleg støtte frå verkemiddelapparatet eller statlegmedfinansiering. Når kostnadane er kjende og finansieringssituasjonen er avklara, fremmar fylkesrådmannen ny politisk sak. 

I SAMO sitt møte i februar hadde utvalet eit særs interessant miniseminar om mobilitet der representantar frå både Ruter, Kolumbus og Skyss fortalte om kva nye prosjekt ein har prøvd ut eller jobbar med innanfor mobilitet. På same møte vedtok utvalet rammene for den kommande strategien for bærekraftig mobilitet. 

Fylkestinget vedtok i byrjinga av mars handlingsplanen for kollektivtiltak i 2021. Den gir ei god oversikt over dei mange aktivitetane innanfor mobilitet. Den største saka som vi ventarpå omhandlar ein felles billett- og prisstruktur i Vestland, og den håper vi å kunne vedta i løpet av året.Det mest spennande er likevel dei mange utgreiingane og pilotane som skal jobbast vidare med i år. Alt fråaldersvennleg transport til «Hent meg»-prosjektet og forsøk med bestillingstransport i område med lågt transportgrunnlag,samt forsøk med autonomt kjøretøy i Førde, arbeid med å betre korrespondansar og dei digitale plattformene i framtida. Det blir også jobba med ei utgreiing av kollektivtrafikk på sjø, utgreiing av båtsamband mellom Sotra- Bergen og nye anbud på bybåtsambanda (Askøy og Alver) som skal ut i løpet av året. 

Trafikktryggingutvalet (FTU) delte i mars ut totalt 12 millionar i ulike trafikksikringstiltak til lokalsamfunn, skularog kommunar rundt om i heile Vestland. Det vart delt ut 1,4 millionar til ulike TS-aktivitetar som sykkelopplæring, bilførar65+ kurs, reflekskampanjar og andre haldningsskapandearrangement. Det vart også delt ut 10, 6 millionar til fysiske trafikksikringstiltak. Desse rettar seg i hovudsak mot mjuketrafikanter, men også mot møte/utforkøyringsulukker.I samband med dette vil vi oppmode alle om å finne ut om kommunen din har ein oppdatert trafikksikringsplan og om einhar sjekka ut mogleigheita for å bli «trafikksikker kommune».Det første er eit krav for å få delta i tilskotsordninga. Er ein«trafikksikker kommune» så vil ein ha ein fordel i framtidige tildelingar.Sjå meirinformasjon: https://www.tryggtrafikk.no/trafikksikker-kommune/

Har du nokre innspel eller tankar? Ta kontakt med utvalsleiar Jannicke Clarke, [email protected]

Utval for næring

Næringsutvalet har teke initiativ til å kartlegge kraftsituasjonen i Vestland og har løfta diskusjonen om kva konsekvensar ei elektrifisering av sokkelen som er forsynt med straum i kablar frå land vil føre med seg.Denne saka har vi vore oppe i fylkestinget der vi har sagt klart frå om at ei elektrifisering av sokkelen må gjerast med offshore energiproduksjon som til dømes havvind, slik at det ikkje går på bekostning av kraftkrevande industri på land.

Skattedirektoratet har på vegne av Finansdepartementet sendt ut høyringsframlegg om ei fiskalavgift på viltlevande marine ressursar. Avgifta er planlagd innført 1. juli 2021, føresett at Stortinget vedtek avgifta i det ordinære budsjettopplegget. Her seier vi klart og tydeleg frå om at vi er imot å innføre denne skattlegginga. Næringa opplever i dag svært varierande prisarog bør ikkje ileggast ein slik skatt. 

Vi har jobba mykje etablere ei føreseieleg ramme for driftstilskot for vitensentera våre VilVite og Vitemeir. Samstundes har vi også sett det som fornuftig å stille opp med ei eingangsinvestering til begge sentera. Denne saka gjekk vidare til fylkestinget og resultatet vart eit investeringstilskotpå kr 5,05 mill til ViteMeir og kr 6 mill til VilVite. Dette er vi veldig godt nøgde med.

Fylkeskommunen har starta arbeidet med ein regional plan for klima. Planarbeidet skal resultere i ein plan som synleggjerkorleis vi i Vestland skal jobbe for å legge klima og miljø som premiss for samfunnsutviklinga. Vi har no sett i i gang utarbeidinga av høyringa til planprogrammet og ser fram til den vidare prosessen.

Har du nokre innspel eller tankar? Ta kontakt med Torbjørn Vereide, [email protected]

Vi ønskjer alle ei riktig god påske og gler oss til vidare samarbeid! 

 Med venleg helsing

Anne Gine Hestetun, Gruppeleiar