Ny tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring

1. september 2024, Førde i Sunnfjord

Eit breidt fleirtal beståande av Ap, Sp, SV, KrF, MDG, V, Raudt og INP i fylkestinget i Vestland har i dag vedteke ny tilbodsstruktur i den vidaregåande opplæringa i fylket vårt. Med denne strukturen sikrar vi ein desentralisert skulestruktur, med gode skular i heile Vestland. Vi sikrar at fleire av nærskulane består med eit godt tilbod til elevane våre, blant anna på skulane i Austrheim, på Fitjar og i Årdal. I tillegg bevarer vi den nasjonale smedlinja ved Odda VGS.

Vi satsar vidare på yrkesfaga i fylket vårt, og svarar på innspela næringslivet i Vestland kjem med om kva for arbeidskraft dei har behov for.

Det blir etablert ei ny idrettslinje ved Askøy VGS, etter at mange år med mangel på slike elevplassar i Bergen og omegn.

oppko fraksjon

Fraksjonen vår i Hovudutval for opplæring og kompetanse

Frå venstre: Karianne Torvanger, Nina Haug, Espen Edvardsen