Bilde av Marte Mjøs Persen

Noreg treng meir industri og ein ny industripolitikk!

Satsing på industrien er viktigare en nokon gong, seier Marte Mjøs Persen.

Pressemelding frå Vestland Arbeiderparti

På grunn av situasjonen landet er i var også Vestland Arbeiderparti (VAP) nødde til å usette sitt planlagte årsmøte. Til årsmøtet var det fremja ein Industripolitisk uttale.

Planen var at denne skulle bli diskutert og vedtatt av årsmøtet, slik vart det ikkje. Men styret i VAP stør denne uttalen.

«Landet er i ein veldig spesiell situasjon nå, og det er viktigare en nokon gong at vi legg til rette for meir industri og ein ny industripolitikk», uttaler Marte Mjøs persen, leiar av Vestland Arbeiderparti. Det kjem tider etter korona-krisa som vil krevje mykje. Vi vil gje vår industri ein større plass i vårt arbeids- og næringsliv. Vestlandet har mange fortrinn som gjer det mogeleg, med rik tilgang på naturressursar, høg kompetanse og konkurransefortrinn som ligg i «den norske modellen». Dette må vi ikkje gløyme.

Sjå heile uttalen nedanfor.