Ledig stilling - Kommunikasjonsmedarbeider i fylkestingsgruppa

Har du lyst til å jobbe med politisk kommunikasjon, innhaldsproduksjon og pressearbeid? Vestland Arbeidarparti si fylkestingsgruppe søkjer ein engasjert og sjølvstendig medarbeidar i deltidsstilling. Du blir ein sentral støtte for gruppa sitt arbeid – både når det gjeld kommunikasjon ut til innbyggjarane i media og i sosiale medier, og hjelpe med dei daglege administrative oppgåvene knytt til fylkestingsarbeidet.

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til å kommunisere Arbeidarpartiet sitt arbeid på fylkestinget
  • Planlegge, produsere og publisere innhald i sosiale medium og på nettsider.
  • Hjelpe med pressemeldingar, mediehandtering og utspel.
  • Foto, video og grafisk innhaldsproduksjon.
  • Administrative oppgåver i samband med fylkestingsgruppa sitt arbeid, og periodevis kommunikasjonsoppgåver for partiorganisasjonen.

Vi ser etter deg som er:

  • Kreativ, idérik og sjølvstendig, med eit blikk for gode historier, og kan formidle komplekse saker på ein enkel og forståeleg måte
  • Strukturert og initiativrik, med evne til å setje deg raskt inn i nye saker.
  • God til å formulere deg skriftleg og til å formidle politiske bodskap på ein enkel og relevant måte.
  • Fleksibel og samarbeidsorientert, men òg trygg på å jobbe åleine.

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå kommunikasjon, journalistikk, kampanjearbeid eller mediearbeid er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Kjennskap til Arbeidarpartiet og politikk generelt tel positivt.
  • God kunnskap om sosiale medium og forståing for kva som fungerer i ulike kanalar.
  • Kompetanse på innhaldsproduksjon (foto/video/grafikk) er eit pluss.

Vi tilbyr:

  • Ei deltidsstilling på om lag 40–60 %, med fleksibel arbeidstid – ideelt for studentar.
  • Moglegheit til å jobbe tett på politiske prosessar og folkevalde i Vestland fylkesting.
  • Varierte oppgåver i eit engasjert og inkluderande miljø.
  • Verdifull erfaring frå politisk og strategisk kommunikasjonsarbeid.

Praktisk informasjon:

  • Arbeidsstad: Bergen, med moglegheit for noko arbeid heimanfrå/fjernarbeid.
  • Oppstart etter avtale.
  • Søknadsfrist: måndag 13. oktober 2025.
  • Løn etter avtale, etter AAF-HK sin tariffavtale.

Slik søkjer du: 

Send søknad og CV til [email protected] innan søknadsfristen. 

Merk søknaden: «Søknad – gruppesekretær med kommunikasjonsansvar».