Kyrkjevalet i Vestland
I år skal vi velje våre folkevalgte som skal arbeide for å utvikle våre lokalsamfunn til beste for alle oss som bur og skal bu i landets kommunar og fylker. Det er viktig å delta ved valet for å benytte moglegheiten til å kunne påvirke korleis du vil at våre lokalsamfunn skal utvikle seg inn i framtida. Låg valdeltagelse overlater påverknad til dei færre og demokratiet vårt svekkast.
I år stiller Karl Johan Kirkebø, Line Berggreen Jacobsen og Erik Torp Nilssen til val for oss i Vestland!
Rundt 70 % av befolkninga er medlem av kyrkja, og Arbeidarpartiets mål er at medlemma skal utgjere ein demokratisk kraft som sikrar ei folkekyrkje som er open og inkluderande med plass for ulike religiøse behov.
Vi meiner det er viktig å vidareutvikle ordningane med val til dei styrande organ i kyrkja.
Vi skal ha takhøgde og toleranse for det religiøse mangfaldet i Noreg, og korleis folk på forskjellege måter lev ut si tru. Religion og livssyn spelar ei viktig rolle i det norske samfunnet, både for fellesskapet og for enkeltmenneske.
Alle har rett til å praktisere sin religion og livssyn i tråd med trosfridommen og innanfor demokratiske spelereglar.
Vi oppfordrer alle til å nytte røysteretten også i kyrkjevalet. Open folkekyrkje stiller med lister i alle landets elleve bispedømmer.
Bruk røysteretten – godt val!