Fylkestingsgruppa til Vestland Arbeidarparti i Ulvik juni 2024

God sommar frå fylkestingsgruppa!

Kjære medlem i Vestland Arbeidarparti,

No er det snart sommarferie og mange er no i sluttspurten før dei tek fri. Det same gjeld fylkestingsgruppa. Vi har nettopp hatt fylkestingsmøte i Ulvik med ei lang saksliste, og fleire krevjande saker. Eg opplever at heile fylkestingsgruppa representerer Arbeidarpartiet på ein fortreffeleg måte, og vi set agenda på fylkestinget.

No er situasjonen i fylkeskommunen slik at vi må korrigere skuta slik at den økonomiske situasjonen kan bli berekraftig. Prisvekst, rente og dyrare tenester gjer at vi må tilpasse drifta før vi kan gjere dei store løfta. Det er vi i gong med, sjølv om det kan bety nokre tøffe vedtak. Eg er sikker på at vi skal klare det på ein ansvarleg måte, og sikre at vi kan satse etter kvart.

Dei store sakene vi har jobba med denne våren har vore: 

  • Tilbodstruktur i vidaregåande opplæring
  • Hurtigbåtar med nullutsleppsteknologi
  • Prisvekst innanfor kollektiv og ferjedrift

Samstundes har vi vedtatt eit revidert fylkesbudsjett der vi har gjort nokre utfordrande val, men der vi òg har hatt moglegheit til å løfte idretten, kulturlivet og frivilligheita. 

I fylkesutvalet sitt underteikna som gruppeleiar, Kine Dale og Karianne Torvanger.

Under kan du lese meir frå våre framifrå medlemmer i dei ulike fraksjonane:

Hovudutval for opplæring og kompetanse (OPPKO)

Dei aller fleste i fraksjonen i hovudutval for opplæring og kompetanse er nye. Heldigvis er den røynde skulepolitikaren Karianne Torvanger framleis med. Ho sit òg i styret for Fagskulen Vestland. Dei faste medlemmene er Espen Edvardsen (fraksjonsleiar), Karianne Torvanger og Nina Haug, og elles er òg Pål Adrian Ryen, Marie-Helene Hollevik Brandsdal, Christoffer Heggholmen og Hilde Enstad medlemmer. Ryen og Brandsdal har møtt i utvalet. 

Prognosane peiker tydeleg i retning av at det vil bli ein reduksjon i talet på ungdommar i Vestland det kommande tiåret. Som ansvarlege politikarar må vi finne ein måte å leggje om og dimensjonere (tilpasse) tilbodet som treff den nye situasjonen på ein best mogleg måte. Difor har saka om tilbodsstruktur vore den viktigaste, og saka vil òg vere den viktigaste til fylkestinget treff eit vedtak i løpet av det kommande halvåret. Fraksjonen har prioritet kontakt med både skulane og partiorganisasjonen, og vil halde fram med det etter sommarferien. Vi håpar at eit godt vedtak kan hindre at dei halvårlege sakene om klassejusteringar vert like krevjande.

Å sikre ein kvalitet på opplæringa som gir læring og auka gjennomføring er eit omfattande arbeid med mange små grep. Fraksjonen har fremma forslag saman med samarbeidsparti og kome med ei rad spørsmål, mellom anna om samarbeidet med NAV, rettleiing av nye lærarar og kvaliteten på YFF-faget. Det er eit sterkt ønske om eit nasjonalt senter for yrkesfag i Vestland. Vi har mellom anna hatt møte med statssekretæren om dette, og vår analyse er at LO saman med NHO vil ha ei særs viktig rolle, mellom anna, når det gjeld lokalisering.

 

Hovudutval for samferdsle og mobilitet (SAMO)

Medlemmene i fraksjonen er: Arve Helle (utvalsleiar og fraksjonsleiar), Emil Tomasgard, og Lillian Vangberg. Vararepresentantar som har møtt er Pål Adrian Clausen Ryen og Siri Klokkerstuen. 

For oss i hovudutval for samferdsle og kollektiv er det utfordrande tider.

Vi opplever at kollektivtilbodet vårt er kraftig underfinansiert frå staten si side, noko som gjer det stadig meir krevjande å gje innbyggarane våre eit fullgodt tilbod.

Desverre må vi som følgje av dette auke prisane på ein del kollektivreiser noko frå 1. august. Alternativet var å kutte i rutetilbodet, og det ønskte vi ikkje å gjere.

På fylkesveg er det òg utfordringar. Meir ekstremvær og fleire ras slit på eit allereie dårleg fylkesvegnett. Vestland er både tunnel- og rasfylke nr. 1 og det betyr store kostnadar. Her er vi og kraftig underfinansierte frå staten si side.

I eit forsøk på å unngå at vedlikehaldsetterslepet aukar ytterlegare vedtok fylkestinget difor ein ekstra vedlikehaldspakke på 500 millionar for 2023-25.

I år blir det som følgje av dette brukt ca. 200 millionar fordelt på ulike tiltak utover fylket.

Ei av vårens store saker på Stortinget har vore Nasjonal Transportplan (NTP). Regjeringa la fram ein ansvarleg NTP med fokus på å ta vare på det vi har. Sjølvsagt var det fleire prosjekt vi gjerne skulle hatt med, men i sum kom Vestland godt ut. Desverre samla opposisjonen på Stortinget seg (minus MDG) og har no lagt inn 7 nye prosjekt (fleire på Austlandet) til eit stort tal milliardar utan noko form for felles inndekning. Dette svekker NTP som styringsinstrument, det set dei prosjekta som allereie låg inne i spel og gjer nålauget trongare for andre prosjekt vi ønskjer inn.

Hovudutval for kultur, idrett og inkludering (KULII)

I KULII sit Kine Dale som fraksjonsleiar og Marita Harkestad Oen, med Marie Helene Hollevik Brandsdal og Lisa Natalie Johnsen Lunde som vararepresentantar som har møtt.

KULII har hatt eit aktivt halvår kor vi mellom anna har besøkt lag, organisasjonar og kulturinstitusjonar i Sunnfjord og Bergen. Det skjer utruleg mykje bra innanfor vårt felt i heile fylket og det er imponerande kva både frivillige og profesjonelle får til.

I fylkestinget i juni fekk vi omsider eit vedtak om gratis utlån av skulane våre til lag og organisasjonar som driv aktivitet for dei under 20 år. Dette er noko vi har ville fått til lenge og endeleg skjer det. Målet er at ordninga på sikt skal gjelde alle frivillige lag og organisasjonar.

I ei tid der økonomien er krevjande for mange er vi også glade for at vi fekk bruke noko av dispensasjonsfondet til å støtte lag, organisasjonar og arrangement som gjer ein kjempeinnsats for folk i alle aldrar. Mellom anna Robin Hood-husa, Rafto-stiftinga, Aldea, Bergen Nasjonale Veteranskipshavn, Trial Worldcup i Myrkdalen og VM i Vektløfting Førde.

Hovudutval for næring (Næring)

Våre medlemmer i Hovudutval for næring er Siri Sandvik (nestleiar i utvalet og fraksjonsleiar) og Per Jarle Kosior Valvatne, med Endre Toft, Lisa Johnsen Lunde og Frode Merkesvik som vara. Samarbeidskoalisjonen har ikkje fleirtal i dette utvalet, men vi klarer likevel å få til breie fleirtal i dei aller fleste sakene.

Nokre av dei sakene vi har jobba med i Hovudutval for næring dette første halvåret er;

-Kompetanse og arbeidskraft i Vestland.

-Grøn region Vestland.

-Fornybar energiproduksjon, har vedteke Regional plan for fornybar energi.

-Havbruksnæringa og berekraftig matproduksjon.

-Landbruk og matproduksjon, har vedteke Temaplan for landbruk.

-Besøksforvaltning og berekraftig reiseliv.

 

Fylkestingsgruppa er sjølvsagt opne for innspel, og vi kjem gjerne på besøk til kommunepartia rundt i heile Vestland. Det er berre å ta kontakt om det skulle vere noko. De kan nå meg på [email protected] eller 936 20 674.

Vi ønskjer alle medlemmer god sommar og nokre herlege fridagar. 

På vegne av heile fylkestingsgruppa til Vestland Arbeidarparti,

Stian Jean Opedal Davies

Gruppeleiar for Vestland Arbeidarparti

Fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune