God jul frå fylkestingsgruppa
Julebrev frå fylkestingsgruppa til Vestland Ap
Kjære medlemmar i Vestland Arbeidarparti,
Vi legg bak oss det heile første kalendaråret med ny fylkestingsgruppe etter valet i 2023. Heile fylkestingsgruppa har jobba godt, og Arbeidarpartiet har fått gode gjennomslag for eit verdiskapande fylke som det er godt å bu i.
Til å begynne med vil eg takke så mykje for det gode samarbeidet i haust med alle kommunepartia i fylket vårt. Eit godt døme på den gode dialogen er saka om tilbodet i vidaregåande opplæring og fylkesbudsjettet for 2025. Dette gode samarbeidet med gode diskusjonar vil vi sjølvsagt bygge vidare på dei kommande åra, og vi har tru på at dette kan vere kjernen i å utvikle sikre god Arbeidarpartipolitikk i heile det store fylket vårt. Her er ei kort oppsummering av året som har gått.
Fylkestinget møtast fire gongar i løpet av eit år, og vi handsamar fleire store sakar. Dei største sakane har vore:
- Ny tilbodsstruktur for den vidaregåande skulen i Vestland. For å sikre eit godt skuletilbud i framtida i heile Vestland, landa vi ein god struktursak som tryggar det vidaregåande tilbodet dei neste ti åra. Meir om dette lenger nede.
- Elektrifisering av hurtigbåtane våre, særleg båtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn/Flåm. Her var vi avhengig av statleg støtte som vi ikkje fekk, og resultatet vart at vi lyser ut eit kortvarig anbod i påvente av betre stønadsordningar for elektrifisering av hurtigbåtar.
- Bybane til Åsane. Bybanen er eit viktig lokalt, regionalt og nasjonalt prosjekt. Grunna Høgre si snuoperasjon etter valet som satt heile bybanen i spill, kom fylkeskommunen fram med eit tunnelkompromiss for å bygge bybanen til Åsane. Dette fekk fleirtal i Bergen og i fylkestinget.
- Utviklingsplan for Vestland. Planen legg opp til at vi i denne perioden skal rydde i planverket til fylkeskommunen og opprette to nye sektorovergripande planer: Regional plan for areal og transport, og regional plan for verdiskaping og kompetanse.
Elles har vi no i desember vedtatt fylkesbudsjett for 2025. Det har vore krevjande forhandlingar, med forslag om store kutt frå fylkesdirektør i sitt budsjett. Dette blei enklare å gjere noko med etter at regjeringa kom med ekstraløyvingar til kommunane og fylkeskommunane i statsbudsjettet. Vestland fekk 82 millionar kronar ekstra. Det trygga budsjettet. Budsjettet gir eit trygt, grønt og ansvarleg styrt fylke. Vi satsar på inkludering og fullføring i vidaregåande opplæring, sikrar eit godt rutetilbod og rimeleg pris på kollektivtilbodet, vidareførar ei ekstraordinær vedlikehaldspakke for fylkesveg, startar fleire store rassikringsprosjekt og stoppar kutta i fergedrifta.
Vidare i brevet kjem ei lita oppsummering av hausten frå kvart av dei 4 hovudutvala vi har på fylket.
Kultur, idrett og inkludering, v/ nestleiar i utvalet, Kine Bratli Dale
Våre medlemmer i utvalet er Kine Bratli Dale (nestleiar og fraksjonsleiar) og Marita Harkestad Oen. I tillegg har Lisa Natalie Johnsen Lunde og Marie Helene Brandsdal møtt som vara. Utvalet har brukt mykje tid på å bli kjent med kulturlivet, idretten og frivilligheita. Nytt av året var at utvalet inviterte til ei budsjetthøyring og tilbakemeldingane har vore unisone: Prisstigning og aukande utgifter gjer det vanskeleg å gjennomføre dei gode aktivitetane og gi det tilbodet som dei ønsker.
For oss i KULII fraksjonen har det difor vore viktig å jobbe for at vi kunne prisjustere tilskota våre i 2025 og det har vi klart. 9 millionar blir satt av til prisjustering i neste budsjettet for neste år. Det blir også satt av 40 millionar fordelt over 2 år (2025 og 2026) til regionale kulturbygg som vil bidra til å gi eit løft for regionale kulturarenaer i heile Vestland. I tillegg har regjeringa levert ved å sette av 75 millionar til regionale kulturfond, av desse får Vestland 7,4 millionar. Vi slår desse saman med Kulturelt utviklingsprogram (KUP) og får ei slagkraftig ordning på 15 millionar til kulturutvikling i Vestland fylke.
Vi er også glad for at det er satt av 1,9 millionar til tiltak for papirlause menneskjer slik at dei skal kunne få grunnleggande rettar og opplevinga av verdigheit. Og at vi i ei tid der fleire slit med å få endane til å møtast styrker tilskotet til Robin Hood-huset med 400 000 sånn at dei kan fortsette det gode arbeidet dei gjer. Dette budsjettet handlar om verdiar, om fellesskap og om å bygge eit samfunn der alle høyrer til.
Næring, v/ nestleiar i utvalet, Siri Sandvik
Våre medlemmer i Hovudutval for næring er Siri Sandvik (nestleiar i utvalet og fraksjonsleiar) og Per Jarle Kosior Valvatne, med Lisa Johnsen Lunde og Vigdis Håland som vara som har møtt. Samarbeidskoalisjonen har ikkje fleirtal i dette utvalet, men vi klarer likevel å få til breie fleirtal i dei aller fleste sakene. Slik vi ser det er det tre store hovudutfordringar for nærings- og samfunnsutvikling i Vestland: 1) Grøn omstilling, 2) tilgang til nok fornybar kraft, og 3) tilgang til nok arbeidskraft og kompetanse.
Det meste av utvalet sitt arbeid tek utgangspunkt i desse problemstillingane. Nokre av dei sakene vi har jobba med i Hovudutval for næring dette siste halvåret er;
- Etablering av tidlegfasefond
- Ladeinfrastruktur
- Bærekraftig reiseliv
- Samarbeid med næringshagar og inkubatorar i heile Vestland
- Næringsretta forsking gjennom FORREGION Vestland
- Ulike tilskotsordningar i eigen regi og som forvaltar av nasjonale tilskotsordningar
Opplæring og kompetanse, v/ fraksjonsleiar Espen Edvardsen
Grunna saka om tilbodsstruktur, har det vore ein særs travel haust for fraksjonen, som framleis har Karianne Torvanger (som også sit i Fylkesutvalet), Espen Edvardsen (fraksjonsleiar) og Nina Haug som faste medlemmer i utvalet, og Pål Adrian Ryen, Marie-Helene Hollevik Brandsdal, Christoffer Heggholmen og Hilde Enstad som varamedlemmer.
Saka om framtidas tilbod kom godt ut, mykje takka vere eit stort og konstruktivt engasjement frå lokallaga i Vestland Arbeidarparti. Vi har no ein struktur som har nærskulen som bærebjelke, men også ein struktur som er bra tilpassa at det vil verte færre ungdommar i framtida. Søkjartala styrer tilbodet, så det kan verte endringar i strukturen om søkjartala går ein anna veg en det som er lagt til grunn. Men planen er at slike utfordringane skal kunne løysast ved dei årlege justeringane.
Fagarbeidarar innanfor mange fag, vil vere mangel på i framtida. Om vi ikkje gjer noko no. Generelt satsar vi difor på yrkesfag, og i haust fekk vi eit samrøystes fylkesting med på at vi skal ha ein eigen strategi for å rekruttere helsefagarbeidarar og syte for at dei som har vald faget på vidaregåande går vidare til fagbrev.
Høgare yrkesfagleg utdanning er eit prioritert område for oss. I budsjettarbeidet har vi jobba for å sikre eit best mogeleg budsjett for Fagskulen Vestland sitt tilbod, og i saka om investeringar i skulesektoren jobbar vi for å finne ei best mogleg plassering av Fagskulen sitt tilbod i Bergen.
Samferdsle og mobilitet, v/ utvalsleiar Arve Helle
Medlemmene i fraksjonen er: Arve Helle (utvalsleiar og fraksjonsleiar), Emil Tomasgard, og Lillian Vangberg. Vararepresentantar som har møtt er Pål Adrian Clausen Ryen og Siri Klokkerstuen.
For oss i hovudutval for samferdsle og mobilitet er det utfordrande tider, men vi føler likevel at vi har landa årets budsjett trygt og godt.
Vi opplever at kollektivtilbodet vårt er kraftig underfinansiert frå staten si side, noko som gjer det stadig meir krevjande å gje innbyggarane våre eit fullgodt tilbod. Likevel har vi unngått krevjande rutekutt, samt i det store og heile avgrensa prisauken til ordinær prisjustering. På investeringssida er vi godt nøgde med at vi i eit trongt budsjett har funne rom til ei tung satsing på rassikring med både Heilevang i Sunnfjord/Askvoll, Tokagjelet i Kvam og "Poll til poll' i Kvinnherad/Ullensvang inne i økonomiplanen. I tillegg gjer vi grønt lys for å starte ferjeavløysingsprosjektet Atløysambandet i Askvoll.
Vestland består av 5500 km fylkesveg og vi er både ras- og tunnelfylke nr 1 i landet. Ein stor del av fylkesvegane våre er i svært dårleg forfatning. I tillegg gjer meir ekstremvær og fleire ras oss også større utfordringar. Også på dette området er vi kraftig underfinansierte frå staten si side. I eit forsøk på å unngå at vedlikehaldsetterslepet aukar ytterlegare vidarefører vi difor den ekstraordinære vedlikehaldspakken som fylkestinget vedtok i fjor.
Eg er stolt over heile fylkestingsgruppa og alt vi får til. Vestland fylkeskommune fører ei politikk som skapar og delar takka vere alle dykk i Arbeidarpartiet. Vi vil med dette igjen takke for samarbeidet i 2024, og ønsker alle ei god jul og eit godt nytt år!
Kameratsleg helsingStian Jean Opedal DaviesFylkesvaraordførar og gruppeleiar