Forslag til fylkesbudsjett 2025
Fleirtalskoalisjonen i fylkestinget har i dag lagt fram forslag til budsjett for 2025
Fleirtalspartia SP, AP, Krf, MDG, SV og V har landa semje om budsjett for Vestland fylkeskommune 2025.
Me har landa eit ansvarleg budsjett, som i stor grad sikrar vidareføring av tenestene med moderat prisauke, grøne satsingar, inflasjonsjusterte driftstilskot på kultur og sterk satsing på vidaregåande opplæring.
Nokre av dei små og større konkrete prioriteringane for å støtta dei tre hovudmåla:
Trygt: Liv og helse først - oppstart av tre store rassikrigsprosjekt, aukar og vedlikehaldsfondet på vei med 280 millionar for tryggare kvardagsveier. Vidareføring av kollektivtilbodet. Skulesatsinga – auka fullføring, betra psykisk helse og held lovnadane på investering i gode skulebygg.
Grønt: Auka vedlikehald på fylkesvegane handlar om å ta vare på verdiane me har. Fleire skal reisa kollektivt gjennom vidareførte kollektivtilbod og lågare prisauke på dei mest brukte billettkategoriane. Ladestasjonar for tunge køyretøy.
Omfordelande: Storsatsing på 145 millionar ekstra til inkludering og innanforskap for å sikre moglegheiter til alle. Vidare styrking av tannhelsetilbodet gjev betre helse. Vidareføre støtte til papirlause og støtta til Robin Hood-huset. Eit nytt stort regionalt kulturfond. Næringsretta satsinga sikrar arbeidsplassar og skapar verdiar i heile fylket.
I opplæringssektoren legg me særskilt vekt på auka fullføring, betra psykisk helse og språkopplæring for minoritetsspråklege (ukrainarar).
For å koma gjennom dei økonomiske utfordringane, må fylkeskommunen utsetja ein del store investeringsprosjekt, og aukar derfor vedlikehaldsarbeidet på fylkesveg. Fire store fylkesveginvesteringar vert prioriterte i åra som kjem: Heilevang, Tokagjelet, Poll til Poll og Atløysambandet. Andre må venta til Fylkestinget rullerer Regional Transportplan i juni 2025.
Fylkeskommunen tek imot mange søknader om støtte. I tronge tider er det viktig å styrkja dei mange fellesskapa innan kultur, idrett og frivillig sektor, og det største løftet er auka priskompensasjon til løyvingane innan kultur, idrett og frivillig sektor. I tillegg sikrar me å ta vare på kulturarven gjennom å starta arbeidet med fellesmagasin for Hordaland(Sogn og Fjordane vart sikra i 2024).
Vestlandet er verdiskapingsfylket, og me vil vidareføra ordningane som støttar næringslivet. Vestland set av midlar til ladestasjonar for tunge køyretøy.