Arbeiderpartiets stortingsgruppe har valgt hvilke personen som skal ha hvilke fraksjoner.
Vestland Arbeidarparti har fått sentrale roller i Stortingets komitear. Heilskapen gjev fylket stor påverknad i viktige politiske prosessar dei komande åra.
- Vi er glade for denne fordelinga, og Vestlands-benken har hamna i viktige komitear og fått framståande posisjonar. For oss er det særleg gledeleg at Linda Merkesdal har kome inn i leiinga av stortingsgruppa, seier Rune Bakervik.
- Eg skal sjølv arbeide med forsvars- og utanrikspolitikk. Det er viktig med tanke på situasjonen i verda, og ikkje minst for eksportfylket Vestland, og Bergen som er ein forsvarsby med den største maritime militærbasen i Nord-Europa, seier Bakervik.
- Vestland Arbeidarparti har fått sterke og sentrale posisjonar på Stortinget. Dette gjev oss gode moglegheiter til å utvikla politikk som vil ha betydning for både Vestland og resten av landet dei neste fire åra, sier Torgeir Næss som er leiar av Vestland Arbeidarparti
Komitéoversikt over stortingsrepresentantane frå Vestland Arbeidarparti
- Rune Bakervik får plass i utanriks- og forsvarskomiteen – ein viktig posisjon for Bergen og Vestland, og ei av dei mest sentrale komiteane i dagens tryggingspolitiske situasjon.
- Linda Merkesdal er vald inn i Arbeidarpartiets stortingsgruppes arbeidsutval og blir nestleiar i fraksjonen til Arbeidarpartiet i energi- og miljøkomiteen. Med si erfaring og kompetanse vil ho spela ei sentral rolle i arbeidet med klima, energi og grøn omstilling.
- Benjamin Jakobsen får rolla som nestleiar i fraksjonen til Arbeidarpartiet i familie- og kulturkomiteen. Han tek med seg viktig kompetanse inn i arbeidet med krevjande saker, mellom anna barnevern.
- June Gruer blir nestleiar i fraksjonen til Arbeidarpartiet i justiskomiteen, som har ansvar for sentrale område som politi, rettshjelp, kriminalomsorg og straffelovgiving. Ho bringar med seg friske perspektiv og framtidsretta kompetanse til eit krevjande politikkområde.
- Torbjørn Vereide blir medlem av energi- og miljøkomiteen. Han blir eit viktig bidrag til kraftutviklinga i heile fylket, med si breie kontaktflate i Sogn og Fjordane
Arbeiderpartiets stortingsgruppe
Link til hva BA har skrevet om nyhetene:
Link til hva BT har skrevet om nyhetene:
https://www.bt.no/politikk/i/wgwqP1/naa-er-plassene-fordelt-ingen-hordalendinger-i-transportkomiteen