Skip som ligger til kai

7 konkrete krav til Høgre og Frp

I sju år har Høgre og Frp styrt landet. Nå må dei styrke maritim sektor med sju tiltak til statsbudsjettet for 2021.

Koronapandemien er den siste av fleire kriser som har skylt innover næringa dei siste åra. Maritimt Forum viser til ein rapport frå Menon Economics som viser at maritim sektor risikerer å bli halvert. Opp mot 40.000 arbeidsplassar står på spel i Kyst-Norge.

Næringa er tydelege lenge på kva som en nødvendig. Regjeringa har gjort noko, som med utviding av permisjonsregelverket til 52 veker, men som næringa sjølv seier: «dei store aktivitetsskapande tiltaka har så langt uteblitt.»

Sidan i mars har Maritimt Forum ønska å få forsert bygginga av fem minesveiparar. Dette kravet fekk brei støtte, mellom annet frå tillitsvalde i Arbeiderpartiet langs heile kysten. Det hjelpte lite. Pengane vart prioritert til andre ting då regjeringa og Fremskrittspartiet gjorde opp revidert nasjonalbudsjett før sommaren. Det neste konkrete tiltaket næringa sjølve peiker på, er ein vrakpantordning for utrangerte fartøy. Her har regjeringa gått inn med 75 millionar kroner for nærskipsflåten.

Men summen er altfor liten, og nærskipsflåten treff vertane våre dårleg. Ordninga må difor utvidast kraftig, både i sum og omfang. Arbeiderpartiets framlegg om 200 millionar ekstra til utrangering av fartøy og riggar (RNB) hadde vore ein god start. Dessverre vart forslaget stemt ned av Høgreregjeringa og Fremskrittspartiet. 2021 blir skjebneåret for maritim næring og dermed hele Kyst-Norge. «Om vi ikkje får på plass fleire tiltak for næringen kan det bli vanskelegare å komme i gang igjen, og vi risikerer at store deler av den maritime næringen blir borte», skriv Jonas Gahr Støre i sin kronikk. Det er sjølvsagt riktig.

Vi skal gjere vårt med det handlingsrommet vi har i fylkeskommunane i Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Det skulle berre mangle. Så skulle det også barre mangle at Høgre og Fremskrittspartiet gjer sitt i statsbudsjettet for 2021.

1.    Næringa, representert ved GCE Blue Maritime, har foreslått ein grøn omstillingspakke på 2,5 milliardar kroner i året dei neste 4 år. Vi støttar dette forslaget, og meiner det er ei god investering som vil medverke til å behalde større delar av maritim industri i Norge. Det vil også medverke til at vi kan nå utsleppsmåla innan 2030, i samsvar med regjeringa sin handlingsplan for grøn skipsfart. Vi støtter også ei mellombels utviding av GIEK-ordninga.

2.    Det må stillast krav til grøn framdrift for skip i Norge. Men kontrahering av nye skip tek lang tid og ein risikerer at store delar av næringa går tapt. Den grøne omstillingspakken bør difor innehalde tilskots- og låneordningar for klimavenleg ombygging av eksisterande skip i norsk økonomisk sone. Dette kan vere elektrifisering eller installasjon av hybride og andre løysingar, for å redusere utslepp og understøtte ei berekraftig utvikling av skipsfarten. Høgre-regjeringa må også auke innsatsen for å nytte hydrogen som energiberar på sjø, og få opp verdikjeder basert på blå og grøn hydrogen.

3.    Regjeringa må sette fylkeskommunene i stand til å halde fram med utskiftinga av ferger og snøggbåtar til miljø- og klimavennlege alternativ, med tilstrekkelege fergetilskot og målretta tiltak for grøn omstilling.

4.    Det er i dag ein betydeleg overkapasitet innanfor mellom anna offshore supply-skip på norsk sokkel. Det bør etablerast ei vrakpantordning for å ta ut dei minst miljøvenlege skipa, både for å få ein betre balanse i marknaden og for å hindre at dei blir gåande med forureinande teknologi i andre farvatn. Det bør sikrast at desse skipa kan kondemnerast og resirkulerast ved norske verft.

5.    Gryteklare prosjekt innanfor offentleg eigde skip må  bli effektuert så snart råd er, og byggast ved norske verft. Det må også leggast trykk på vidareutvikling av framdriftssystem gjennom offentleg støtte til FoU, investeringar i ny teknologi, og oppbygging av ein god logistikk for klimavenlege energiberarar langs norskekysten. Vi syner spesielt til fem nye mineryddere (Vanguard-konseptet) og to forskingsskip til Havforskingsinstituttet. Begge er ønska og gryteklare prosjekt som berre treng oppstartsfinansiering.

6.    Høgre-regjeringa må auka tilskota til regionale utviklingsmidler for å auke fylkeskommunane sin moglegheit til å setje i verk regionale tiltak for maritim sektor.

7.    Ein må forsere bygging av regionale samferdselsprosjekt som letter transport av varer og bind saman bu- og arbeidsregionar langs kysten av Norge.

Anne Gine Hestetun, gruppeleiar VestlandTove-Lise Torve, fylkesordførar Møre og RomsdalMarianne Chesak, fylkesordførar RogalandTore O. Sandvik, fylkesordførar Trøndelag