Sterkare saman

Kva vil vi med Vestland på 1-2-3

Arbeidarpartiet vil ha:

  • Eit Vestland som løyser klimakrisa på ein måte som skapar arbeidsplasser
  • Ein rettferdig barndom og oppvekst for alle
  • At det skal vera mogleg å leva gode liv i alle krinklar og krokar av Vestland.

På Vestlandet veit vi kva fellesskap betyr. Når vi står saman, og samarbeider på tvers av by og land gjer vi det umoglege mogleg. Vi veit at vi står sterkare saman.   

Vestland er djupe fjordar og høge fjell. Det er kyst,  jordbruk og fiske, og det er ikkje minst industri og teknologi. Vestlendingen er variert, og køyrer alt frå båt og buss til bybane. Vi har by og bygd, rikeleg med naturressursar, verdsleiande industri, ei stolt kulturarv og viktige utdanningsinstitusjonar. 

Vestlendingen er sjølvstendig og initiativrik.  Vi er vant til å finne konkrete og praktiske løysningar på det vi har framfor oss . Vi veit at vi må skape for å dele, og vi sikrar velferda. Vestland er moglegheitenes rike.

Arbeidarpartiet går til val på å byggja sterkare fellesskap. I nærmiljøet ditt – og i det store fellesskapet vi alle er ein del av. Sterke fellesskap gjev folk tryggleik. Vi kjempar difor mot urettferdige forskjellar som svekker fellesskapet. 

Arbeidarpartiet vil:

  • Ha eit reelt fritt skuleval, ved å gje alle ungdommar rett til å gå på ein skule i nærleiken av der dei bur, og bevare moglegheita til å søkja på andre skular om ein ynskjer det.
  • Ha gratis skulefrukost på alle vidaregåande skular i Vestland
  • Ha læreplassgaranti i heile fylket, alle som ynskjer det skal få læreplass!
  • At arbeidslivet sine behov skal styre utviklinga i yrkesfaga
  • Tilsette skulepsykologar og fleire dyktige fagfolk i skulehelsetenestar og gjeva alle skuleungdommar i fylket gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse
  • Utvide ungdomskortet på kollektivtrafikk til fylte 23 år i heile fylket
  • Krevje meir pengar til rassikring av dei mange farlege vegane på Vestlandet.
  • Stille krav om null- og lavutsleppsteknologi på buss, hurtigbåt og ferje, slik at klimagassutslippene går ned
  • Ha betre korrespondanse mellom buss, ferje, båt og tog
  • Seia nei til meir vindkraft på land, og ja til eit nytt industrieventyr med vindkraft til havs.
  • Kutte all offentleg støtte til kommersielle privatskular, og heller nytte pengane til å styrke den offentlege skulen.

Er du enig med Vestland Arbeidarparti om Sterkare saman?

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?



Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din tilbakemelding!



Eller se hvordan du kan påvirke vår politikk

Takk for din tilbakemelding!



Eller se hvordan du kan påvirke vår politikk

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Tusen takk for din tilbakemelding!