Skule og opplæring

Vår skulepolitikk

Skule og opplæring

Vidaregåande opplæring

Arbeidarpartiet vil sikre ein sterk offentleg skule der alle har lik tilgang til gratis utdanning med høg kvalitet. Fellesskulen er ein viktig møteplass for barn og unge, og

ambisjonen for nye Vestland fylke må vere å ha den beste vidaregåande skulen i landet. I det nye fylket må vi ta med oss det beste frå Hordaland og Sogn og fjordane i det vidare arbeidet med å byggje ein sterk offentleg fellesskule, og legge til rette for at alle skal kunne gjennomføre ei utdanning i den vidaregåande skulen.


Arbeidarpartiet vil stanse veksten i dei private kommersielle skulane, og arbeide for at tildelte konsesjonar for privatskuledrift ikkje skal vere evigvarande. Bergen og Hordaland har høgast del privatskuleplassar i heile landet. For kvar krone som vert løyvd til ein privatskule blir det mindre ressursar til den offentlege fellesskulen der dei fleste elevane går. Dette utfordrar gratisprinsippet vi har for utdanning i Norge, og svekkar veljarane sin innverknad på utdanningstilbodet i den vidaregåande skulen i Vestland fylke.


Elevmedverknad, elevdemokrati og dei unge sitt aktive engasjement er ein styrke for lokalsamfunn og storsamfunn. Med sitt unike perspektiv og pågangsmot bidrar unge menneskje til å endre samfunnet til det betre. Vi skal ha som mål at ungdommar vert inkludert i viktige avgjersler og opplever å bli høyrt, enten det er i skulen eller i samfunnet elles. 


Inkluderande læringsmiljø

Det skal det vere trygt og motiverande å gå på skulen. Godt kvalifiserte lærarar, moderne bygg med universell tilgjengelegheit og oppdatert undervisningsmateriell er viktige føresetnader for å skapa trivsel og motivasjon for elevar og tilsette. Arbeidarpartiet har høg tillit til lærarane, og det er viktig at dei får tid og rom til å vere lærarar. Derfor vil vi fjerne krav om unaudsynt rapportering og andre tidstjuvar i arbeidstida, og sikre at fleire lærarar får høve til vidare- og etterutdanning.


For å sikre at lærarane har tilstrekkeleg tid til undervisning og til den einskilde elev, må det i tillegg vera gode tilbod om helsehjelp, skulepsykolog og andre støttefunksjonar som førebyggjer mobbing og trakassering. Arbeidarpartiet vil ha inn fleire yrkesgrupper på skulane, som miljøterapeutar, spesialpedagogar, skulepsykologar og fleire helsesjukepleiarar. Slik vil ein òg kunne motverke fråfall i skulen. Alle elevar har rett på eit mobbefritt skulemiljø. Kompetanse blant dei tilsette om korleis ein handterer denne type saker er viktig for at alle elevar skal få ivaretatt sine rettigheiter. Ei stor utfordring i dag er at mange av dei som opplever mobbing ikkje seier frå. Derfor må ein sørge for at elevane har gode varslingskanalar.


Arbeidarpartiet vil også gjennomføre andre tiltak for at fleire elevar skal lukkast på skulen. Vi vil innføre gratis skulefrukost for alle elevar i den vidaregåande skulen. Dette er ein god start på dagen, og eit fellesmåltid vil inkludere alle elevar. Arbeidarpartiet vil etablere ei forsøksordning på enkelte skular, der ein til dømes undersøkjer om det å starte ein time seinare på morgonen vil auke talet på elevar som fullfører vidaregåande utdanning. I tillegg vil Arbeidarpartiet vurdere tiltak som betre kan sikre ein god kjønnsmessig balanse i rekrutteringa til dei ulike utdanningstilboda og lærefaga. Vi ønskjer også ei betre oppfølging av hybelbuarane våre. Det er viktig for den enkelte ungdom og for foreldre å skape tryggleik for busituasjon og fritid når ein bur borte frå heimen. 


Fleire fagarbeidarar

Næringslivet og offentleg sektor etterspør fleire fagarbeidarar. Den vidaregåande skulen må legge til rette for å møte denne utfordringa. Det må satsast meir på yrkesfaglege studieretningar, og alle som ønskjer seg ein læreplass må få eit tilbod. Dersom vi skal klare å utdanne tilstrekkeleg med kvalifiserte fagarbeidarar for å stette behova, så må både det private næringslivet og offentleg sektor opprette langt fleire læreplassar i framtida. Arbeidarpartiet vil samarbeide med verksemder i privat og offentleg sektor om ein læreplassgaranti for alle elevar som vèl yrkesfag i den vidaregåande skulen. Saman med kommunane skal Arbeidarpartiet arbeide for å nå målet om minst to lærlingar per 1000 innbyggarar per år.


Lærlingar skal bli møtte med høg kvalitet i opplæringa og trygge løns- og arbeidsvilkår. For å styrke den yrkesfaglege utdanninga treng vi eit yrkesfagløft i nært samarbeid med nasjonale styresmakter og partane i arbeidslivet. Opplæringsmateriellet på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma må oppgraderast, og det må prøvast ut samarbeidsmodellar med næringslivet der ein kan nytte moderne utstyr i bedriftene til opplæring av elevane. Elevane skal vere best mogleg førebudde på dei krava dei vil møte som lærlingar ute i verksemdene.  


Arbeidarpartiet vil også styrkje den praktiske skulesekken, der elevane får møte arbeidslivet og gjere praktiske oppgåver i eit arbeidsfellesskap allereie frå grunnskulen. Praksisopphald i løpet av skulegangen er også viktig for å skaffe fleire elevar ein læreplass. Derfor vil vi legge til rette for at meir av den praktiske utdanninga vert gjeve i lokale verksemder. Arbeidarpartiet har som mål at vi skal utdanne dei beste fagarbeidarane i landet for å møte utviklinga og behova i arbeidslivet. Derfor er det viktig å utvikle gode føreseielege planar for kompetansebehova i arbeids- og næringsliv, og sikre at desse vert grunnlaget for kva studieretningar og fagleg innhald som skal prioriterast.


Fagskulefylket

Næringslivet og offentleg sektor har eit stort behov for fagarbeidarar som har høgare yrkesfagleg utdanning gjennom fagskulestudier. Vestland fylke er det største fagskulefylket i landet, med dyktige tilsette og høg kvalitet i utdanningstilboda. I åra som kjem skal vi ha ambisjonar om å tiltrekke oss enda fleire studentar frå andre fylke enn det vi gjer i dag. Arbeidarpartiet vil sikre Fagskulen tilstrekkelege ressursar til å vidareutvikle studietilboda og til å kunne tilby nye studieretningar.

Tett dialog og samarbeid med lokalt nærings- og arbeidsliv er heilt avgjerande  for å sikre at Fagskulen kan levere topp kvalifisert arbeidskraft  i heile regionen. Fagskulen må i større grad tilby desentraliserte og nettbaserte studietilbod til verksemder og fagarbeidarar som ønskjer det. Tilboda må vere modulbaserte, slik at utdanningsløpet kan tilpassast arbeid og familieliv. Arbeidarpartiet vil arbeide for at det vert oppretta langt fleire studieplassar på nasjonal basis, slik at tilbodet regionalt kan styrkjast. Det statlege tilskotet til Fagskulen må aukast, slik at det også dekker kostnader til investeringar i bygningar og til moderne utstyrs- og undervisningsmateriell.   


Kompetanse for framtida 

Auka konkurranse og krav til effektivisering i offentleg og privat sektor set nye krav til kompetanse og omstillingsevne. Det grøne skiftet, digitalisering og robotisering av arbeidsoppgåver er eksempel på sterke drivkrefter i samfunnsutviklinga, som krev ny kunnskap. Den vidaregåande skulen og høgare utdanningsinstitusjonar må ligge i framkant av denne utviklinga, og det må derfor leggast til rette for omfattande etter – og vidareutdanning av arbeidstakarar og leiarar i alle bransjar.


Vestland Arbeiderparti vil ta initiativ til å etablere eit kompetansesenter for etter- og vidareutdanning i eit nært samarbeid mellom vidaregåande skule og vaksenopplæringa, fagskulen, Høgskulen på Vestlandet, Universitet i Bergen og næringslivet. Det skal utviklast skreddarsydde tilbod til industrien, offentleg sektor og ulike typar næringsverksemder. Kompetansesenteret skal ha desentraliserte kunnskapssenter i alle delar av fylket, der ein koplar etter- og vidareutdanningstilbod innan alle nivå frå vidaregåande utdanning til fagskule, høgskule og universitet

  • At alle elevar skal lukkast med å fullføre vidaregåande opplæring.
  • Innføre inntaksregionar i fylket og sikre at alle elevar får rett til å gå på nærskulen sin dersom dei ønskjer det.
  • Sikre eit godt vidaregåande utdanningstilbod i heile det nye fylket, og halde fast på ein desentralisert skulestruktur.
  • Arbeide for å nå målet om to lærlingar per 1000 innbyggar per år saman med kommunane.
  • Sikre gode økonomiske rammer for skulane og seie nei til stykkprisfinansiering.
  • Innføre reisetidsgarant og sikre at alle elevar som går på studiespesialiserande program får rett til å fullføre skuleløpet på den offentlege skulen dei har begynt på.
  • Innføre gratis skulefrukost på alle vidaregåande skular.
  • At elevar som er i ferd med å falle frå skal ha rett til sosialpedagogisk oppfølging.
  • Styrke elev-, lærling- og mobbeombodet.
  • Styrke rådgjevingstenesta i den vidaregåande skulen, blant anna gjennom etterutdanning for dei tilsette, kompetanseutvikling, betre kartleggingsverktøy og samarbeid med arbeidsliv og karrieresenter.
  • Forsøke seinare skulestart på utvalde skular for å motverke fråfall.
  • Ha meir praktisk undervisning og sikre tettare oppfølging av elevar med motivasjons- og lærevanskar. Alternative skuleløp skal drøftast med elevar og føresette for denne elevgruppa.
  • Sikre god dekning av skulepsykologar, miljøkoordinatorar, spesialpedagogar og helsesjukepleiarar.
  • Styrke Den praktiske skulesekken og betre samarbeidet mellom grunnskule og vidaregåande skule.
  • Legge til rette for å auke elevar og lærarar sin digitale kompetanse ved å sikre ressursar til e-pedagogar ved dei vidaregåande skulane.
  • Oppgradere digitale læringsverktøy og sikre at dei er tilgjengelege i begge målformer.
  • Seie nei til etablering av nye kommersielle privatskular og utviding av dei eksisterande, og sikre at konsesjonane til kommersielle privatskular ikkje skal vera evigvarande.
  • Fjerne den offentlege støtta til kommersielle privatskular.
  • Ruste opp dei vidaregåande skulane til tidsriktig bygningsmessig standard og teknisk infrastruktur.
  • Stille krav om fast tilsette og faglært arbeidskraft ved alle fylkeskommunale innkjøp og anbod.
  • Styrke utdanningstilboda ved fagskulane, og legge til rette for fleksible løysingar der utdanninga kan gjennomførast desentralisert i tilpassa modular.
  • Utvikle nye studietilbod ved fagskulane i tett dialog med arbeidslivet.
  • Sikre at elevrabattar også gjeld studentar ved fagskulen, og at det vert lagt til rette for medlemskap i Studentsamskipnaden.
  • Styrke samarbeidet mellom vidaregåande opplæring, Fagskulen, Universitetet og Høgskulen.
  • Utvikle gode planar for kompetansebygging som sikrar god tilgang på kvalifisert arbeidskraft.
  • Styrke tilbodet om etter- og vidareutdanning for alle yrkesgrupper i nært samarbeid med partane i arbeidslivet og vaksenopplæringsorganisasjonane/studieforbunda
  • Styrke samarbeidet mellom dei vidaregåande skulane  og «Ungt entreprenørskap».
  • Arbeide for at tidsgrensa for bortebuarstipend vert endra frå tre til to timar, og sørge for god oppfølging av dei som bur på hybel, til dømes gjennom bruk av miljøkoordinatorar.
  • At dei vidaregåande skulane skal vere opne for politiske ungdoms- og interesseorganisasjonar.
  • Sikre tilstrekkelege økomiske rammer til politiske ungdomsorganisasjonar.
  • Ta initiativ til eit kompetansesenter som eit nasjonalt pilotprosjekt for etter- og vidareutdanning med desentraliserte kunnskapsparkar.

Er du enig med Vestland Arbeidarparti om Skule og opplæring?

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?



Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din tilbakemelding!



Eller se hvordan du kan påvirke vår politikk

Takk for din tilbakemelding!



Eller se hvordan du kan påvirke vår politikk

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Tusen takk for din tilbakemelding!