Samferdsle og infrastruktur

Veg, buss, båt og bane

Samferdsle og infrastruktur

Arbeidarpartiet vil sørge for at heile Vestland skal vere eit attraktivt fylke med framtidsretta og berekraftige transportløysingar både for folk og næringsliv. Noreg har i Paris-avtalen forplikta seg til å kutte klimagassutsleppa med 40% innan 2030. For å nå måla må vi kutte i utsleppa frå transport. Derfor skal vi ha eit kollektivtilbod som er eit reelt alternativ til privatbilisme. Då må vi ha eit kollektivtilbod som er brukarvenleg, driven av fornybar energi og til ein rimeleg pris.


Veg- og samferdslenettet

Vestland må ha eit veg- og samferdslenett som er trygt og knyter kommunane og fylket saman på ein god måte, og vi må ha effektive transportkorridorar mot resten av landet. Derfor vil Arbeidarpartiet ruste opp fylkesvegane og satse på rassikring, tunnelsikring og opprusting av fylkesvegane. Vi må ha trygge og effektive stamvegar som er kopla saman med moderne riks-, fylkes- og lokalvegar. Dette vil legge grunnlaget for verdiskaping og busetting i heile fylket. Trygge og effektive vegar er ein viktig nøkkelfaktor for å sikre busetnad og næringsutvikling i heile fylket. Derfor vil Arbeidarpartiet prioritere vedlikehald, vegstandard og punktutbetring av vegane. Vi skal prioritere å sikre utrygge vegstrekningar med ras -og tunnelsikring. Uansett kor du bur skal kollektivtransport vere eit alternativ, med rimelege prisar og eit godt rutetilbod på hurtigbåtar, ekspressbussar og lokalruter. Det skal lønne seg å ta gode klimaval. Arbeidarpartiet meiner at det er viktig at folk i heile fylket skal få moglegheit til å bruke elbil eller andre typar nullutsleppsbilar. Derfor vil vi satse på utbygging av nye ladestasjonar og fyllestasjonar.


Kollektivtrafikk og byplanlegging

I storbyområda vil vi prioritere kollektivtrafikken og smartare byplanlegging for å redusere transportbehovet. Byar og tettstader i vekst må ha ei utvikling for framtida. Derfor meiner Arbeidarpartiet at vi skal halde fram med satsinga på fleire avgangar på buss, båt, og utbygging av bybane til Fyllingsdalen og Åsane. Vi skal auke rutekapasiteten, ha hyppigare avgangar og innfartsparkering ved store kollektivknutepunkt. Det skal vere eit reelt alternativ å velje buss, båt og bane framfor bil, også i ein travel kvardag. Derfor vil Arbeidarpartiet innføre ein rushtidsrabatt på pendlarreiser i storbyområda, til og frå jobb og skule. Tilrettelegging for syklistar og gåande må bli ei satsing i åra som kjem. Bysykkelordninga og sykkelbruk generelt må sjåast i samanheng med kollektivsystemet.   


Grønare transportløysingar på sjø

Arbeidarpartiet meiner at sjøen er ei viktig ferdselsåre både for person- og næringstransport. Ferjene er ein viktig del av vegnettet i fylket vårt. Tilbodet skal vere klimavenleg, rimeleg og ha hyppige avgangar som kan tene innbyggarar og næringsliv på ein best mogleg måte. Staten må auke tilskotet til ferjedrift slik at kostnadsveksten i dei nye ferjeanboda vert fullt ut kompensert. Vidare vil Arbeidarpartiet legge til rette for å flytte meir godstrafikk frå veg til sjø og bane, samstundes som vi vil arbeide for å vidareutvikle «det blå kollektivfeltet» gjennom å styrke dagens nettverk av hurtigbåtar i fylket.


Utbygging av breiband

Tilgang på breiband av høg kvalitet er viktig for folk sin kvardag, for næringslivet og for offentleg tenesteyting. Mangel på tilgang fører til eit digitalt klasseskilje, men kan også føre til at bedrifter og næringar ikkje får utvikle seg grunna manglande tilgang til  moderne kommunikasjonskanalar. Arbeidarpartiet meiner at breibandutbygginga må intensiverast i heile Norge, og at digital infrastruktur må likestillast med annan infrastruktur som t.d. kraftforsyning.


Kortbanenettet for fly

Kortbanenettet er ein viktig og nødvendig del av kollektivtilboda i distrikta. Arbeidarpartiet vil arbeide for at kortbanenettet skal ha eit godt og framtidsretta flytilbod.


Fiskerihamner

Arbeidarpartiet vil sikre opprusting og utvikling av fiskerihamner, og at dei planlagde investeringane i nye fiskerihamner på Bømlo og i Kalvåg vert gjennomført. Fylket skal legge til rette for samarbeid med kommunane som hamneeigarar om drift og vedlikehald av fiskerihamnene.


Vestland Arbeidarparti vil:
  • Stille krav til miljøvenleg drift av bussar, sjø- og flytransport, samt fornye ferjer og hurtigbåtar i heile fylket.
  • At det skal stillast krav om elektrifisering for bussane i Bergen sentrum.
  • Styrke ruteutviklinga i kollektivtilbodet, inkludert økt frekvens og kapasitet på bybana.
  • Halde fram med utbygging av bybana til Åsane og Fyllingsdalen.
  • Innføre ein rushtidsrabatt for kollektivreiser til og frå jobb og skule i Bergen.
  • Sikre at prisane på kollektivtilbodet i gjennomsnitt ikkje skal auke meir enn prisveksten.
  • At dagens hurtigbåtruter må vidareutviklast og vere ein integrert del av fylket sin kollektivstrategi.
  • Auke den øvre aldersgrensa for ungdomskortet til 23 år på buss, bane og båt. Tilbodet skal gjelde i heile fylket, samt gi alle studentar rett på rabatterte prisar uavhengig av alder.
  • Arbeide for å forenkle og samkøyre takstsystema mellom tog, buss, båt og ferje og sikre god korrespondanse.
  • At «Trygt heim» og andre lokale transporttilbod for ungdom skal vidareutviklast.
  • Arbeide for å etablere eit fylkeskommunalt kollektivtrafikkselskap.
  • Vidareføre og halde fast på prioriteringane for utbygging av fylkesvegar, rassikring og tunnelsikring som er vedtekne i Hordaland og Sogn og Fjordane.
  • Prioritere vedlikehald av fylkesvegnettet og rassikring, samt arbeide for at fleire fylkesvegar får gul stripe.
  • Arbeide for ein nasjonal plan som skal finansiere etterslepet på vedlikehald og opprusting av fylkesvegnettet.
  • Arbeide for ein nasjonal skredsikringsplan som innan 12 år sikrar skredpunkt på riks- og fylkesveg innan høg- og middels skredfaktor.
  • Styrke utbygging av nye ladestasjonar for elbil og fyllestasjonar for andre typar nullutsleppsbilar.
  • Legge til rette for innfartsparkering ved kollektivknutepunkta.
  • Ha større statleg finansiering av store kollektiv- og samferdsleprosjekt.
  • Krevje at staten må ta ansvar for finansiering av og garantiar for bompengelån til utbygging av riksvegar.
  • Sikre ei betre statleg finansiering av det fylkeskommunale ferjetilbodet som er i samsvar med kostnadsveksten i nye ferjeanbod
  • Erstatte dagens bompengesystem med ei berekraftig finansieringsordning som støttar opp om nullvekstmålet og grøn omstilling, der staten tar eit større ansvar.
  • Arbeide for å forbetre aust-vest-sambanda Rv15, E16, Rv52, Rv7, Rv5 og E134.
  • Ha fortgang i utbygginga av fellesprosjektet for veg og bane Arna – Voss, for å få på plass ein trygg E16 og ei moderne Vossabane.
  • Arbeide for ein opprusta og ferjefri E39 gjennom fylket med gode koplingar til andre område i fylket.
  • Prioritere investeringar som sikrar gul stripe på strekningar som har smal vegbane, og utbetring av strekningar som har høg trafikk, men låg standard og høg risiko for ras og ulukker.
  • Arbeide for å sikre, merke og utdjupe skipsleiene langs kysten og bygge ut Stad Skipstunnel.
  • Få bysykkelordninga inn på månedskortet.
  • At det skal vera gratis å ta med sykkel på båt, bane og ferje.

Er du enig med Vestland Arbeidarparti om Samferdsle og infrastruktur?

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?



Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din tilbakemelding!



Eller se hvordan du kan påvirke vår politikk

Takk for din tilbakemelding!



Eller se hvordan du kan påvirke vår politikk

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Tusen takk for din tilbakemelding!