Næring og arbeid i Vestland

Arbeid til alle er jobb nummer ein!

Næring og arbeid i Vestland

Vi må skape for å kunne dele. For Arbeidarpartiet er arbeid til alle jobb nummer éin. Høg sysselsetting og eit organisert arbeidsliv er ein føresetnad for eit samfunn med små inntektsskilnader, og legg grunnlaget for finansieringa av vår felles velferd. Vestland  har store naturressursar og sterke næringar innan fornybar kraftproduksjon, olje og gass, verfts- og leverandørindustri, prosessindustri, kystnæringar tufta på fiskeri, maritim og marin verksemd, reiseliv, landbruk og næringsmiddelindustri. Vi har eit godt utbygd handels- og servicetilbod, og ein veksande bygg- og anleggssektor. Regionen har ein sterk og velutvikla offentleg sektor med høgt spesialiserte tenester innan helse, utdanning, forsking og utvikling. Det er leiande fagmiljø innan bank og finans, og den nye medieklynga i Bergen har skapt store positive ringverknader innan medie-, kultur- og utdanningssektoren.


Omstilling og utvikling

Mange av verksemdene i privat sektor konkurrerer i ein internasjonal marknad og må drive kontinuerleg omstilling og utvikling for å vere konkurransedyktige. Dersom næringslivet skal lukkast, må Vestland fylke legge til rette med moderne infrastruktur. Samferdsleårene må vere trygge og effektive både på sjø og land. Vi må ha ei effektiv jarnbane og eit velutvikla flytilbod. Det må vere god tilgang på høghastighets breiband, fornybar kraft og eit stabilt straumnett med lik nettleige i distrikt og by. Det offentlege utdannings- og tenestetilbodet skal vere av beste kvalitet.


Fylkeskommunen får eit utvida ansvar for det regionale verkemiddelapparatet som kan gje støtte og lån til nyskaping, etablerarverksemd, forsking og utvikling. Dette er viktige ordningar som skal medverke til å etablere nye bedrifter og fleire arbeidsplassar over heile fylket. Dei nasjonale kompetansesentra – NCEa, som mellom anna er lokalisert i Bergen, Øygarden, Stord, Årdal og Florø, må vidareutviklast, og det må etablerast gode samarbeidsløysingar med lokale inkubatorar og næringshagar.


Det grøne skiftet og krav om kutt i klimautslepp krev nye løysingar. Næringslivet i vår region har synt at dei på mange område er verdsleiande og evnar å utvikle ny teknologi som kan møte framtidas utfordringar. Arbeidarpartiet vil arbeide for å sikre god tilgang på risikovillig kapital til etablering av nye verksemder og til utvikling av ny teknologi og nye produkt. Vi ønskjer gode samarbeidsløysingar med statlege og private låne- og finansinstitusjonar i dette arbeidet.


Industri for framtida

Vestland har sterke og tradisjonsrike industriverksemder innan prosessindustri, maritim sektor, verfts- og offshore, olje og gass, fornybar energi, næringsmiddel, fiskeri og oppdrett, bygg og anlegg. Industrien er berebjelken i mange lokalsamfunn. Industrien er alltid i omstilling. Det digitale skiftet er ikkje nytt, sjølv om det går raskare no enn før. Norske industribedrifter har automatisert og effektivisert i over hundre år, og gjer det framleis. Høg produktivitet er avgjerande for konkurranseevna i eit land som Norge, med eit høgt kostnadsnivå og høg levestandard. Vestland Arbeidarparti vil styrke føresetnadane for vekst i industrien gjennom tett samarbeid om utdanning, forsking og utvikling. Industrien må ha føreseielege rammevilkår og derfor er det avgjerande med tett dialog mellom eigarar, tilsette, finansinstitusjonar, kommune, fylke og stat.


Eit seriøst arbeidsliv for alle

Arbeidslivet er i kontinuerleg endring og omstilling. Arbeidarpartiet vil ha eit seriøst og velorganisert arbeidsliv med sterke fagforeiningar, og der samarbeid og dialog mellom leiing og tilsette er forankra gjennom tariffavtalar. Krav om effektivisering og omstilling medfører eit stadig aukande press i arbeidslivet. Arbeidarpartiet vil at hovudregelen skal vere faste stillingar, slik at fleire kan leve trygge og frie liv. Vi vil avgrense bruken av vikarbyrå og innleige av arbeidskraft i privat og offentleg sektor.  Kampen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet er heilt avgjerande for å sikre tilsette eit godt og helsefremjande arbeidsmiljø med rettferdige løns- og arbeidsvilkår. Arbeidstakarane sin rettar i lov- og avtaleverk må styrkast, og i kampen for eit meir seriøst arbeidsliv er det avgjerande med eit forpliktande samarbeid mellom styresmaktene og partane i arbeidslivet.


Arbeidarpartiet vil satse meir på forsking og utvikling gjennom tettare samarbeid mellom forskingsinstitusjonar, Innovasjon Norge, utdanningsinstitusjonar, offentleg sektor og næringslivet. Vi vil syte for at nye oppgåver vert overført frå staten til fylka, saman med auka ressursar som sikrar at fylket kan løyse nye oppgåver på ein god måte. Næringsliv og offentleg sektor treng god tilgang på kvalifisert arbeidskraft som fagarbeidarar og ungdom med høgare utdanning. Den vidaregåande skulen skal gi elevane eit godt grunnlag for utdanning til fagbrev og til vidare utdanning på fagskule, høgskule og universitet. Auka krav til innovasjon og teknologisk utvikling skaper nye behov for etter- og vidareutdanning. På framtidas arbeidsplassar vil fagarbeidaren, ingeniøren og forskaren arbeide side om side.


Landbruk

Vi treng eit sterkt vestlandslandbruk som produserer trygg og god mat. Dette er viktig for mattryggleik, sjølvberging og berekraft. Landbruket gir arbeidsplassar i heile fylket og er grunnlag for ei rekke arbeidsplassar i næringsmiddelindustrien i distrikta. Frukt- og bærdyrking vil vere eit satsingsområde for vår region fordi vi blir rekna for å vere Norges frukthage. Vestlandskogbruket er viktig for lokal verdiskaping og det grøne skiftet. Vestlandsbonden bidreg til at kulturlandskapet vert halde ved like, slik at reiselivsnæringa og andre kan nyte godt av opne og grøne landskap, også i framtida. Arbeidarpartiet vil sikre vestlandsbonden gode rammevilkår og legge til rette for nye samarbeidsformer som kan sikre rekruttering og optimisme i næringa.




Reiseliv

Naturen og fjordane er eineståande, og gjev grunnlag for eit rikt tilbod av opplevingar. I tillegg er fjordane våre kåra til eitt av verdas beste reisemål. Reiselivsnæringa er samstundes ei av dei raskast veksande næringane. Vestland fylke med sin naturgjevne føresetnader har gode mogelegheiter for å ta sin del av den internasjonale veksten, men berekraft og heilårs arbeidsplassar er ein føresetnad for vekst. Reiselivsnæringa er ei viktig distriktsnæring som har eit stort potensial for å skape verdiar og arbeidsplassar i heile fylket.


Havnæringa

Vestland har gode føresetnader for å skape nye arbeidsplassar og ny verdiskaping med utgangspunkt i havet. Vi har store naturressursar, nasjonale forskingsinstitusjonar med  brei kompetanse og lang erfaring innan havnæringane. Arbeidarpartiet  vil vidareutvikle fagmiljøa og bygge vidare på dette konkurransefortrinnet, og i samarbeid med næringslivet utvide satsinga på havet til å skape nye arbeidsplassar innan område som til dømes studiet av havstraumar, handtering av plastforureining og nye miljøtiltak.


Sjømatnæringa bidreg i dag til både sysselsetting, verdiskaping og matproduksjon. Potensialet innan sjømatproduksjon er stort, og Vestland Arbeidarparti vil arbeide for at vidareutvikling av næringa skjer på ein berekraftig måte.


Arbeidarpartiet vil styrke og vidareutvikle Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet sine ansvarsområde, og medverke i arbeidet med ny samlokalisering av aktivitetane i Bergen. Dette er nasjonale og internasjonale fagmiljø som får ei særskilt rolle i framtidas utvikling av sjø- og havrommet. Samarbeidet med og utviklinga av Akvariet som visningssenter vert viktig for å stadfeste og styrke Bergen og Vestland si rolle som nasjonalt og internasjonalt senter for havforsking i framtida. Desse institusjonane sine desentraliserte aktivitetar i Vestland er viktige lokale kompetansemiljø som må vidareutviklast.


Regionen har store verksemder med mange tilsette innan fiskeria. Det er ei målsetting å legge til rette for at fangsten vert landa og foredla lokalt. Fylket må sikre god infrastruktur for næringa dette gjeld, både transportkorridorar og tilstrekkeleg kaiareal. Fiskerifaglege og maritime utdanningstilbod må styrkjast. Planlagde investeringar i lokale fiskerihamner på Bømlo og i Kalvåg må framskundast og få oppstart så snart råd er.


Fylkeskommunen som arbeidsgjevar og lærebedrift

Dei tilsette i fylkeskommunen skal oppleve å bli møtt av ein seriøs og inkluderande arbeidsgjevar. Arbeidarpartiet har ei grunnleggande tru på at alle arbeidsplassar vert drivne best når dei tilsette vert høyrde og har høve til å medverke i viktige prosessar. Arbeidarpartiet vil styrke samarbeidet med tilsette og fagorganisasjonar på alle nivå. Vestland fylkeskommune skal ha ein heiltidskultur og som hovudregel berre lyse ut heile, faste stillingar.   


Arbeidarpartiet seier nei til konkurranseutsetting av fylkeskommunale tenester. Fylkeskommunen har ansvar for fagopplæringa, og må stå fram som ei opplæringsverksemd med mange lærlingar i eigen organisasjon. Arbeidarpartiet vil auke talet på lærlingar i fylkeskommunen. Vestland fylkeskommune vil være ein aktiv pådrivar for å sikre menneske med nedsett funksjonsevne deltaking i arbeidslivet


Regional utvikling

Arbeidarpartiet vil at fylket skal styrke rolla som samfunnsutviklar. Å skape sterke regionar er viktig, òg for å kunne utvikle heile fylket og ta ut det store potensialet vi har innan næringsutvikling i eksisterande og nye næringar. Ein styrka fylkeskommune som rår over fleire verktøy vil vere betre i stand til å vere ein aktiv medspelar i utviklinga av eit næringsliv i rask endring. Ein desentralisert utdanningsstruktur og regionalt verkemiddelapparat vil gjere innovasjon, fornying og kunnskapsbygging lettare. Regionreforma opnar for at fleire statlege oppgåver og arbeidsplassar blir flytta til Vestland. Arbeidarpartiet meiner at arbeidsplassar knytt til nye oppgåver og utflytting av statlege arbeidsplassane skal bli fordelt til heile fylket. Vi skal sikre tett samarbeid mellom nasjonale og regionale kompetansesenter, næringshagar og inkubatorar.


Vestland Arbeidarparti vil:

  • Stimulere til og støtte tettare kontakt mellom industri, skuleverk og høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar.
  • Støtte fleire næringsklynger og innovasjonssystem, både små og store.
  • Medverke til at bedriftene vert stimulert til meir langsiktig satsing på kompetanseutvikling gjennom lett tilgjengelige, rimelege og godt tilpassa tilbod om etter- og videreutdanning av sine tilsette.  
  • Styrke regional forskingsaktivitet med prioritet til program som koplar det fremste av internasjonal forskning med industriverksemdene sin erfaringsbaserte kompetanse  
  • Støtte sentra der industrien og opplæringsinstitusjonar kan drive felles opplæring, dele erfaringar og få til betre utnytting og kostnadsdeling ved investeringar i moderne høgteknologisk utstyr.
  • Medverke til å byggje ut ein infrastruktur for kompetanseutvikling og ein kultur for kompetansedeling.
  • Vidareføre CO2-kompensasjonsordninga etter 2020 med minst 75 prosent kompensasjon. Dette er viktig for å sikre norske arbeidsplassar, og sørge for at industri ikkje vert flytta til land med mindre stram klimapolitikk.
  • Ta initiativ til å etablere eit «Toppindustrisenter» i samarbeid med industrien, staten, partane i arbeidslivet og utdannings- og forskingsmiljøa.
  • Legge til rette for heilårs reiseliv i heile fylket, og styrke verdiskapinga i næringa.
  • Vidareføre tilskot til og satsing på Fjord Norge og regionale destinasjonsselskap.
  • Ha eit sterkare samarbeid mellom skule, næringsliv og universitet/høgskule om utdanning og forsking.
  • Sikre offentleg og lokalt eigarskap over energiproduksjon og viktige naturressursar.
  • Styrke regional utvikling og næringsklynger med kompetanse og ressursar til å skape vekst i arbeidsplassar og kompetansebygging.
  • Arbeide for å sikre vestlandsbonden gode rammevilkår og legge til rette for nye samarbeidsformer som kan sikre rekruttering og optimisme i næringa.
  • Arbeide for ei lik nettleige i heile landet og sikre meir rettferdige straumkostnader for både næringsliv og private bustader.
  • Ligge heilt i front på å stille seriøsitetskrav ved alle offentlege innkjøp og anbod, til dømes krav om lærlingar, fast tilsette og faglært arbeidskraft.
  • Sikre at alle offentlege innkjøp av varer og tenester blir innretta slik at det ikkje skal vere mogleg å drive med sosial dumping, arbeidsmiljø- og økonomisk kriminalitet, eller anna uetisk forretningsdrift.
  • Utgreie moglegheitene for å innføre parlamentarisme som styreform i Vestland fylkeskommune.
  • Arbeide for at alle tilsette i fylkeskommunen får tilbod om heiltidsstillingar, og sikre bruk av lærlingar i alle fylkeskommunale prosjekt og anbod.
  • Auke talet på lærlingar i fylkeskommunen.
  • Byggje ut lokale fiskerihamner på Bømlo og i Kalvåg.

Er du enig med Vestland Arbeidarparti om Næring og arbeid i Vestland?

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?



Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din tilbakemelding!



Eller se hvordan du kan påvirke vår politikk

Takk for din tilbakemelding!



Eller se hvordan du kan påvirke vår politikk

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Tusen takk for din tilbakemelding!