Klima og miljø

Vår felles fremtid

Klima og miljø

Klimaendringane og miljøfarlege utslepp er vår tids største utfordring. Vi kjenner endringane på kroppen. Veret er villare og våtare enn før - med sterke stormar, flaum, store ras og tørke. I sentrale byområde som Bergen og andre tettstader er lufta til tider helseskadeleg for innbyggjarane. Gjennom måla i Paris-avtalen har Norge forplikta seg til å gjere betydelege kutt i utsleppa av klimagassar. Aktivitet og dagleg drift av Vestland fylke skal skje i tråd med krav om klimavennlege løysingar. Transportsektoren må gjennomføre store utsleppskutt gjennom elektrifisering og overgang til fornybart drivstoff. Derfor skal alle nye ferjer, hurtigbåtar og bussar vere klimavennlege.


Transportbehova i kvardagen må dekkast gjennom eit godt kollektivtilbod og betre tilrettelegging for gåande og syklande. Sentrale og lokale styresmakter må samarbeide betre for å oppnå gode klimavennlege løysingar gjennom å samordna areal- og transportplanar slik ein har fått til i Bergen gjennom «Byvekstavtalen».


Arbeidarpartiet vil vere ein pådrivar i arbeidet med å auke produksjonen av fornybare ressursar frå skog og jordbruk, samt betre bruk av råstoffa for å utnytte mogelegheitene som ligg i ein aktiv «bioøkonomi». Vestland skal vere eit føregangsfylke innan det som er kalla «sirkulærøkonomi», som inneber fornybarsatsing og berekraftig ressursbruk gjennom å redusere råvarebruk, avfall, utslepp og energiforbruk til eit minimum.


Næringslivet og naturbaserte næringar innan landbruk, fiskeri og oppdrett må omstille seg i ei grønare retning i tett samarbeid med lokale og nasjonale styresmakter. Saman skal vi legge til rette for at Vestland og Norge når våre klimapolitiske målsettingar. Kampen mot klimaendringane handlar om å sjå løysingar framfor utfordringar.


Eit grønt næringsliv

Sterke fagmiljø leia av dyktige næringslivsleiarar og fagarbeidarar i samarbeid med framifrå forskingsmiljø har tatt ei leiarrolle i utviklinga av nye fornybare løysingar som elektriske ferjer og skip drivne av straum og LNG. Landbruk, fiskeri og havbruk er viktige fornybare næringar som skal vidareutvikle berekraftige løysingar. Våre store og tradisjonsrike næringar innan olje- og gassindustrien og prosessindustrien tar i bruk ny teknologi som kuttar utslepp av klimagassar og effektiviserer produksjonen.


Vestland har ressursane, kompetansen og menneska som skal til for å gjennomføre det grøne skiftet. Regionen har sterke tradisjonar innan foredling av naturressursar, og lang erfaring i arbeidet med omstilling og fornying. Energiselskapa på Vestland er landets største produsentar av fornybar kraft og vil auke produksjonen og sikre tilgang av straum gjennom opprusting av linjenett. Equinor skal etablere anlegg for CO2-fangst i Øygarden i Hordaland og satsar på produksjon av hydrogen av naturgass.


Arbeidarpartiet vil sikre at eigarskapet til kraftproduksjon og distribusjon framleis skal vere offentleg med sterk lokal forankring. Arbeidarpartiet skal føre ein politikk som legg til rette for å skape nye og grønare arbeidsplassar der ein gradvis omstiller Noreg til eit lågutsleppssamfunn. Industri basert på rein vasskraft er eit av Norges største fortrinn. Verdien av rein fornybar kraft vil være et stort konkurransefortrinn i åra framover.


Naturmangfald og vern

Å forvalte naturen, ressursane og dyrelivet vi har, handlar om kva vi ønskjer å etterlate oss til komande generasjonar. Vestland har mange urørte naturområde med eit stort biologisk mangfald. Arbeidarpartiet vil verne om sårbare naturområde og sikre dyreliv og det biologiske mangfaldet. I konfliktar mellom vern og utbygging skal omsynet til miljø og artsmangfald blir ivaretatt på ein best mogleg måte, enten det gjeld land-, sjø- eller havområde.

Dette vil krevje gjennomarbeidde nasjonale planar og styringsreiskap som varetar ulike omsyn. Arbeidarpartiet vil arbeide for at all framtidig utbygging av vind – og vasskraft må regulerast i ein overordna nasjonal plan. Havbruksnæringa må få kontroll på miljøutfordringane knytt til sjukdom og rømming, og det må reagerast strengt på brot på regelverket.

Plast og mikroplast påverkar i stor grad økosystemet vårt og utgjer ein aukande fare for natur, menneskje og dyreliv. Vi har alle eit felles ansvar for å gjere noko med dette problemet. Arbeidarpartiet vil redusere bruken av plast i fylkeskommunen, men også etablere eit fond som gjev organisasjonar og grupper støtte til plastopprydding.

Vestland Arbeidarparti vil: 

  • Ta i bruk eit klimabudsjett for fylkeskommunen.
  • At nye køyretøy for offentleg bruk i størst mogleg grad skal vere nullutsleppskøyretøy.
  • At fylkeskommunen ved framtidige anbod på kollektivtrafikk, ferjer og hurtigbåtar i Vestland skal krevje bruk av fornybar energi.
  • Samarbeide med reiselivsnæringa om eit grønt skifte i det vestnorske reiselivet og fremje ei berekraftig næringsutvikling.
  • At fylkeskommunen skal krevje bruk av fornybar energi i kollektivtrafikk, ferjer og hurtigbåtar.
  • Etablere eit tett samarbeid mellom verksemdene i maritim sektor, verftsindustrien og forskings- og utviklingsmiljø for å vidareutvikle klimavenleg sjøtransport
  • Bygge fleire sykkelfelt og utvide nettet av kollektivfelt på dei fylkeskommunale vegane.
  • Vestland Arbeiderparti vil at vasskraftressursane skal forvaltast slik at det i framtida skal vere grunnlag for industriproduksjon i Norge.
  • Stille krav om energismarte og miljøvenlege løysingar når ein skal bygge eller rehabilitere fylkeskommunale bygg.
  • Etablere landstraumstilkopling for skip ved fleire hamneanlegg.
  • Støtte produksjon og utvikling av hydrogen som drivstoff i køyretøy og skip.
  • Støtte produksjon og bruk av biogass til transportsektoren
  • Arbeide for eit pilotprosjekt med el-fly på lufthamnene i kortbanenettet.
  • Sikre at eigarskapet til energiselskap, kraftproduksjon og distribusjon skal vere offentleg og lokalt forankra.
  • Legge til rette for at fornybare energiressursar vert nytta til vidare utvikling av norsk kraftforedlande industri.
  • Arbeide for å oppgradere eksisterande vasskraftanlegg og linjenett for å redusere krafttap og sikre stabil tilgang på straum.
  • Avslå søknader om bygging av kraftverk, inkludert småkraftverk, i verna vassdrag. Eit unntak kan vere flaumsikringstiltak. I andre vassdrag skal omsynet til naturmangfald og miljøvern vege tyngre enn ønskje om kraftutbygging.
  • Arbeide for at regionen vår får tildelt fleire midlar frå staten for å drive flaum- og rassikring i utsette område.
  • Utgreie kva moglegheiter som finst for å utnytte massar frå gruvedrift til samfunnsnyttige formål.
  • Ha tilnærma full utnytting av ressursane i alle gruveprosjekt i regionen. Slik at man unngår deponering av avgangsmassar i fjord og sjø.
  • Ikkje innvilge framtidige søknader om å deponere gruveavfall i sjø.
  • Ikkje behandle søknader om nye vindmølleparkar til det er utarbeidd ein samla nasjonal plan for vind- og vasskraft.
  • Legge særleg vekt på omsynet til naturmangfald og lokale ønskje om urørte friluftsområde ved handsaming av søknader om utbygging av vindkraft.
  • Etablere eit fylkeskommunalt fond som skal bidra til opprydding av plast, redusere bruken av plast i fylkeskommunen
  • Støtte forsking på alternative materiale som kan erstatte plast.
  • Arbeide for reguleringar og lovverk som hindrar at plast kjem på avvege.

Er du enig med Vestland Arbeidarparti om Klima og miljø?

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?



Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din tilbakemelding!



Eller se hvordan du kan påvirke vår politikk

Takk for din tilbakemelding!



Eller se hvordan du kan påvirke vår politikk

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Tusen takk for din tilbakemelding!