Helse og aktivitetstilbod

Vår helsepolitikk

Helse og aktivitetstilbod


Gode helsetenester

God helse er ein føresetnad for å kunne leve innhaldsrike liv og medverke i fellesskapen på arbeidsplassen og i fritida. Arbeidarpartiet er garantisten for eit godt og utbygd offentleg helsetilbod som er tilgjengeleg for alle, uavhengig av økonomi og bustadkommune. Vi skal ha eit godt sjukehustilbod i alle delar av fylket, og folk skal vere trygge på at dei får den hjelpa dei treng i tide.


Grunnlaget for god helse startar tidleg i livet. Arbeidarpartiet vil auke innsatsen for å legge til rette for eit rikt aktivitets- og idrettstilbod, turløyper og friluftsareal. Vi vil ha varierte idretts- og kulturarenaer som er tilgjengelege for innbyggarane i alle kommunar.


Ingen barn og unge skal møte ei stengd dør den dagen dei treng nokon å prate med. Arbeidarpartiet vil styrke fokuset på psykisk helse for barn og ungdom, mellom anna ved å utvide helsetilbodet i vidaregåande skule, tilsette fleire skulepsykologar og samarbeide med kommunane. Mobbing er eit aukande problem blant elevar i Norge, og mange unge kjenner seg einsame eller mobba enten i skulegarden eller på nettet. Derfor meiner vi at det er viktig å styrke mobbeombodet si rolle for å sikre tryggleiken til elevane.


Tannhelsa er ein vesentleg del av folkehelsearbeidet, og spelar ei stor rolle for livskvaliteten til folk. Det er derfor viktig å sikre det offentlege tannhelsetilbodet og gje alle eit godt tilbod i alle delar av fylket. Vi vil sikre at løysingane kjem sårbare grupper og folk flest til gode. Arbeidarpartiet meiner det er viktig å starte med dei som treng det mest, og vil prioritere gratis eller billegare tannbehandling til sårbare grupper.


Idrett, friluftsliv og folkehelse

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv er viktig for at fleire skal kunne leve gode liv. Vestland Arbeidarparti meiner at idretten skal vere meir tilgjengeleg for alle. Barn, unge og personar med særskilde behov skal få eit variert tilbod gjennom idretten. Unge, lovande idrettsutøvarar og toppidrettsutøvarar skal få utvikle seg. Idretten skaper aktivitet og engasjement, og er ein inkluderande møteplass mellom folk.


Det skal vere låg terskel for å delta i idretten. Derfor ønskjer vi å utvide opningstidene på hallar og andre idrettsanlegg, slik at fleire kan ta dei i bruk. Vi vil òg utvide opningstidene til å gjelde i feriar, slik at barn og unge som ikkje drar på ferie har eit tilbod. Vestland har gode føresetnader for eit aktivt friluftsliv i ein makelaus natur frå fjord til fonn. Tilrettelegging av denne arenaen må vere eit prioritert område. Merking av turstiar og tilrettelegging for å kunne ta seg fram i naturen er viktig både for lokalbefolkninga, folkehelsa og reiselivet.


Vestland Arbeidarparti vil:

  • Tilsette fleire helsesjukepleiarar og skulepsykologar, slik at fylket oppfyller helsedirektoratet si tilråding om tal på helsesjukepleiarar per elev.
  • Sikre at prisane for offentleg tannbehandling ikkje aukar meir enn den alminnelege prisveksten.
  • Utvikle nettløysingar som gjer det enklare for elevane å bestille time hos helsesjukepleiar
  • Bidra til å skape ei E-helseteneste slik at elevane kan søke råd digitalt.
  • Legge til rette for meir fysisk aktivitet for alle ved å satse på gratis utleige av idrettsanlegg, hallar og fleirbrukssalar for aktivitetar der deltakarane er under 20 år.
  • Støtte opp om idrettsorganisasjonane og deira innsats for barn og unge, samt vidareutvikle støtta til mangfaldet av frivillige lag og organisasjonar.
  • Legge til rette for fleire møteplassar i lokalsamfunna våre.
  • Bygge ut gang- og sykkelvegar i tettstader, og særleg prioritere område der barn og unge ferdast mykje.
  • Ta særlege grep for å sikre universell tilgjengelegheit i alle fylkeskommunale bygg og tenester.
  • Vidareføre og styrke idrettscampus-prosjekta i heile fylket
  • Legge til rette for og støtte opp om store idrettsarrangement i fylket.
  • Ha folkehelsetenking og førebygging inn i all samfunnsplanlegging.
  • Legge til rette for tilgang til friluftsområde i tilknyting til alle tettstader.
  • Styrke ordninga med mobbeombod og oppfølging av mobbing.
  • Sikre god tilgang på offentleg tannhelsetilbod i heile fylket.
  • Sikre allemannsretten.

Er du enig med Vestland Arbeidarparti om Helse og aktivitetstilbod?

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?



Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din tilbakemelding!



Eller se hvordan du kan påvirke vår politikk

Takk for din tilbakemelding!



Eller se hvordan du kan påvirke vår politikk

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Tusen takk for din tilbakemelding!