Ein leiande kulturregion

Kulturpolitikk

Ein leiande kulturregion

Kultur har ein eigenverdi og er viktig for utvikling innan alle samfunnsområde. Kulturpolitikken skal fremje aktivitet, gje opplevingar og fremje demokrati og ytringsfridom. Kulturopplevingar gir liva våre meir innhald og skaper fellesskap mellom menneskje. For Arbeidarpartiet er det viktig at alle i Vestland har eit godt og variert kulturtilbod i nærleiken av der dei bur. Vi ønskjer å auke og utvide kulturtilbodet i heile fylket, men også å senke terskelen for å bruke tilboda.


Kulturtilbod til alle

Alle skal ha høve til å oppleve kultur og delta i idrettsaktivitetar, uavhengig av storleiken på lommeboka. Derfor skal vi styrke Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken, som bidreg til at barn, unge og eldre kan få gode kulturopplevingar. Det må difor etablerast gode og rimelege transportordningar for skular og andre institusjonar. Arbeidarpartiet ønskjer å ha eit sterkt, profesjonelt kulturliv som fremjar skapande og frie kunstuttrykk. Det er svært viktig å støtte det frivillige kulturlivet slik at enda fleire får gode kulturopplevingar i kvardagen.


Kulturinstitusjonane i Vestland

Vi vil styrke kulturinstitusjonane i fylket, der Bergen som europeisk kulturby er lokomotivet i Vestland. Hordaland Teater og Sogn og Fjordane Teater er døme på viktige aktørar som bidrar til eit rikare kulturliv på Vestlandet. Arbeidarpartiet vil styrke samarbeidet mellom profesjonelle og friviljuge kulturaktørar, samt styrke den regionale filmsatsinga, både som kulturuttrykk og næringsverksemd. For å styrke det samla kulturtilbodet og skape eit levande kulturliv, må fylkeskommunale tildelingar gå til både dei profesjonelle, amatørar og dei frivillige, som alle er viktige aktørar i utviklinga av ein leiande kulturregion.


Store arrangement i fylket

Vi har mange festivalar og store kulturarrangement i fylket vårt, som til dømes Førdefestivalen og Festspillene i Bergen. Dette er viktige kulturarenaer der samhandling mellom friviljuge og profesjonelle skaper utvikling og inspirasjon i alle delar av fylket. Fylket skal vere ein aktiv samarbeidspartnar for arrangørane for å sikre gode kulturopplevingar og folkefestar.


Styrking av musea og biblioteka i fylket

Musea i Vestland skal vere kunnskapssentrum for formidling av kunnskap og forvalting av vår kulturarv. Arbeidarpartiet vil ha eit betre samarbeid mellom kulturminnevern og museumsarbeid, slik at vi kan sikre kulturarven mellom anna innan bygningsvern og fartøyvern. Arbeidarpartiet meiner at alle musea skal vere gratis for born og unge under 18 år. Folkebiblioteka våre skal vere ein inkluderande arena for kulturopplevingar, offentleg samtale, debatt og digitale ressursar. Dei er viktige institusjonar som gjer litteratur, informasjon og kunnskap meir tilgjengeleg for alle. For Arbeidarpartiet er det viktig at alle kommunane har gode folkebibliotek med kompetent personale og med eit aktivt samarbeid med skule, barnehage og andre institusjonar i nærmiljøet.


Vestland Arbeidarparti vil:

  • Legge til rette for at alle barn og unge får gode kunst- og kulturopplevingar.
  • Utvikle Bergen som internasjonal og regional kulturby, og som ein viktig motor for utvikling av kulturlivet i heile Vestland.
  • Arbeide for gode samfinansieringsordningar for å legge til rette for utvikling av nye kulturinstitusjonar.
  • Satse på den regionale filmproduksjonen, og sikre auka statlege midlar til dokumentar- og langfilm, samt styrke kontakten med internasjonale fagmiljø.
  • Utvikle musea i regionen og dra nytte av Bergen som kraftsenter.
  • Ta vare på og løfte fram kulturminne som har prega industri- og kystsamfunna i regionen, samt styrke verdsarvområda.
  • Styrke nynorsken, Hordaland Teater og Sogn og Fjordane Teater i det nye fylket.
  • Styrke og vidareutvikle UKM-festivalen, Dans Utan Grenser og Fargespill.
  • Styrke folkebiblioteka og sikre eit desentralisert bibliotektilbod.

Er du enig med Vestland Arbeidarparti om Ein leiande kulturregion?

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?



Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din tilbakemelding!



Eller se hvordan du kan påvirke vår politikk

Takk for din tilbakemelding!



Eller se hvordan du kan påvirke vår politikk

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Tusen takk for din tilbakemelding!