Fylkestingskandidat

Tor Skjerdal

5. kandidat

Tor er 32 år og bur i Aurland

Han jobbar som bilselgar, og har erfaring frå andre styreverv og involverar seg stort når noko skal planleggast i sosiale samanhengar. Tor er systematisk, likar at alt har ein plan, samstundes står effektivitet og motivasjon høgt i fokus.

Politisk bakgrunn:

Nytt medlem av Aurland Arbeidarparti, stiller som fersk kandidat i kommunen og i Vestland fylkesting.

Mine ynskjer for Aurland:

Aurland kommune skal vere ein kommune alle vil bu i. Eg ynskjer at innbyggarane våre skal ha tilgang på både tomt, bustad og jobb. Me må ta vare på dei unge og gamle me har ved å ha gode tenester til alle. Me må legga til rette for ei fornuftig miljøstrategi. Straumen vår skal selgast til innbyggjarane på same vilkår som før 2023.