Fylkesordførerkandidat

Stian Jean Opedal Davies

Eg er født i 1995 og bur på Askøy. Eg er fylkesordførarkandidaten til Vestland Arbeidarparti. I dag sitt eg på fylkestinget for Arbeidarpartiet, kor eg er leiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Eg er utdanna jurist, og har erfaring frå kommunestyreverv og jobbar i organisasjonsliv og advokatbransjen.

Stian Jean Opedal Davies

Vestland Arbeidarparti sin fylkesordførarkandidat

Eg brenn for eit meir rettferdig samfunn kor alle har moglegheit til å lukkast, uansett kor du kjem frå eller størrelsen på lommeboka til foreldra dine. Samtidig skal vi også ta kampen mot klimakrisa, samtidig som vi skapar jobbar og moglegheiter for alle. Det er ein formidabel oppgåve, men heilt avgjerande for at Vestland og Norge lukkast i framtida.

Vi lever i ei usikker tid kor alt blir dyrare. Då må vi som er i politikken gjere det vi kan for å lette byrden for folk. Difor er rimelegare kollektivbillettar for born, ei inkluderande fellesskule for alle og ei frivilligheit som sikrar at alle kan delta, viktige sakar for Arbeidarpartiet dette valet. Fellesskapet må styrkast, fordi vi er sterkare saman.

Om Vestland lukkast, så lukkast Norge. Vi har dei naturgjevne føresetnadane for å både skape verdiar som tryggar velferdsstaten, samtidig som vi kuttar utslepp og løyser klimakrisa.

Men for at folk og næringsliv skal lukkast, må vi kunne ferdast trygt på vegane våre. Altfor mange er redd for å sende borna sine til skulen fordi skulevegen er farleg eller redd for å køyre til jobb fordi det er fare for ras. Næringslivet opplever at vegane er eit hinder for utvikling, når køane er lange eller vegen er stengd. No er det på tide at Vestland får ein større del av pengane til veg, etter at austlandet har vorte prioritert i mange år.

Skal vi skape for å dele, må vi ha meir kraft til industrien vår. Ny grøn industri får ikkje etablere seg her, fordi nettkapasiteten er for dårleg. No er det på tide med eit løft av strømnettet, slik at eksisterande industri kan utvide og ny kan etablerast.

Vi vestlendingar står overfor formidable oppgåver i framtida. Vi har klart det før, og vi klarar det igjen. Eg er toppmotivert for å bidra til at Vestland framleis skal vere det viktigaste fylket i Norge.

Difor håpar eg at du røyster Arbeidarpartiet ved valet 11. september.